Kommentarer

Se alle artikler

Ørna på Alden er ikkje eit problem for Nekst

Fylkesmannen har uttrykt seg negative til ein av lokalitetane Nekst har søkt med bakgrunn i hekkande havørn. Difor vil Nekst finne ei løysing som både ørna på Alden og Nekst kan leve med, skriv Kjell Audun Aasen i dette lesarinnlegget.

Lesarinnlegg

Dette lesarinnlegget er signert Kjell Audun Aasen, partnar i Nekst.

Nekst kartlegg og søkjer i desse dagar om fem ulike alternative sjølokalitetar for produksjon av laks og aure i område Askvoll og Solund kommune.

Det er heilt rett at Fylkesmannen har uttrykt seg negative til ein av lokalitetane med bakgrunn i hekkande havørn. Lokaliseringa av fôrflåten, som Nekst har planlagt å plassere nærare land og meir skjerma for vær og vind, vil vere ca. 500 meter frå reirplassen til ørna. Havliljene og sjølve oppdrettet vil derimot ha ein avstand på over 900 meter og er derfor utanfor den kritisk sona.

Nekst tek sjølvsagt alle innspel knytt til natur og miljø på det største alvor og vil innhente råd frå fagleg hald på dei ulike områda og finne ei løysing som både ørna på Alden og Nekst kan leve med.

Det skal og merkast at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og har uttrykt seg positivt i høve til Nekst si satsing med å ta i bruk ny og alternativ teknologi som kan bidra til å løyse miljøutfordringane i akvakulturnæringa knytt til m.a. rømming og lakselus.

Nekst sine Havliljer er eit generisk utforma havlokalisert merdsystem, som baserer seg på grunnleggande eigenskap frå offshore / subsea-teknologi, samt det beste frå norsk oppdrettsindustri.

I samarbeid med Marine Construction AS som teknologiutviklar, og blant anna ABB, har Nekst utvikla ein patenterbar løysning der merdane med ei dobbel not kan senkast under ”lusebeltet” og bølgekreftene. Den korte driftstida, i kombinasjon med de nyutvikla og patentsøkte offshore merdane, vil så godt som eliminere behovet for avlusing, samt sikre mot rømming.

Nekst har i heile prosjektet eit gjennomgåande godt samarbeid med kommunane i Sogn og Fjordane, Flora, Askvoll og Solund kommune. Industriprosjektet kan bli det største i Sogn og Fjordane på 50 år. Sogn og Fjordane fylkeskommune har handsama saka fleire gonger, og fylkesordførar Jenny Følling skriv i si uttale: «Fylkesutvalet ber om at Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet medverkar til at det blir tildelt tilstrekkelege med utviklingskonsesjonar slik at prosjektet kan realiserast med full utbygging.»

Nekst sitt integrerte konseptet mellom land og sjø er eit komplett miljøkonsept som igjen vil sikre berekraftig omstilling og et stort teknologiløft for heile den norske akvakulturnæringa. Det er helt i tråd med stortingets ønske om «Forutsigbar, miljømessig berekraftig vekst i norsk laks og ørretoppdrett» (Meld St. 16 (2014-2015).

Ørna på Alden kan derfor bli ein medspelar for Nekst si milliardsatsing i Sogn og Fjordane.