Gjestekommentar

Skrevet av Stein Mortensen ved Havforskningsinstituttet, som er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Dag Sletmo i DNB, advokat Halfdan Mellbye i firmaet Sands, styreleder i Salmar Aker Ocean Atle Eide, økonomiprofessor Bård Misund, oppdretter Sondre Eide og ulike bidragsytere i Sjømat Norge.

Noreg må tenkje nytt, og sørgje for å nytta moglegheitene som ligg i havet. Det vil vere med å styrkje både eigen og europeisk mattryggleik tryggleik.

Krigen i Ukraina er fyrst og fremst ein grov urett mot menneskja som er råka i Ukraina. Dei som er sendt på flukt, og dei som er att for å kjempe for sin eigen heim og sitt eige land. Men, krigen gjer også at implikasjonane blir store for resten av verda, også Noreg. Me ser at råvare brukast i ein geopolitisk kontekst, noko som gjer at me må sørgje for å styrkje vår eigen og den globale mattryggleik gjennom å utnytta potensialet som ligg i hava våre betre, og dessutan auke samarbeida på tvers av landegrenser.

Sondre Eide i Eide Fjordbruk Foto: Joar Grindheim

Globale matprisar aukar som følgje av krigen i Ukraina. Store deler av global kveiteproduksjon kjem frå Ukraina og Russland. Dei to landa står aleine for 12 prosent av alle verdas eksporterte matkaloriar ifølge IFPR. Krigen og sanksjonane mot Russland gjer at verda står ovanfor ei potensiell matkrise av dimensjonar. Då seie da seg sjølv at me må gjera da me kan for å møta den nye verkelegheita.

Noreg har nokre naturgitte fortrinn

Berre 2 prosent av verdas kaloriar kjem frå havet. Samstundes veit me at da er nesten uendeleg potensialet som ligg i hava våre og som er uutnytta. Det absurde er at 50 prosent av biomasseproduksjonen skjer i havet, sjølv om berre 2 prosent av dei konsumerte kaloriane kjem frå havet.

Noreg har nokre naturgitte fortrinn, som gjev oss både moglegheiter og ikkje minst eit ansvar for å forvalte hava våre på ein måte som sørgjer for auka matproduksjon. Det vil styrkje vår eigen matforsyningssikkerheit, samstundast som me bidreg til at verda får nok berekraftig matproduksjon. Knappheit på ressursar fører til ein ustabil global situasjon, og det er difor vår plikt å bidra til å løyse situasjonen både på kort og lengre sikt.

Eg støtter absolutt tiltak som sørgjer for å auke norsk produksjon av matkorn, slik at bøndene får betalt for å bidra til å auka vår eigen mattryggleik. Men me kan ikkje gløyme at det største potensialet for Noreg til å bidra til verdas mattryggleik, ligg i hava våre. Det er difor ikkje eit enten eller for Noreg, me må lage mat både på land og i vatn.

Politikarane må handle raskt

Noreg er eit lite land, men me rår over enorme havområde. Allereie i dag eksporterer me 42 millionar sjømatmåltid til verda, kvar einaste dag. Potensialet er langt, langt større. Både kva gjeld fisk og nye fôrråvarer men også når det kjem til andre kalorikjelde som kan produserast i havområda våre. Teknologien har også kome så langt at det kan gjerast på ein måte som er berekraftig og miljøvennleg. Det handlar no om å få rammevilkår som gjer det mogleg å auka produksjon, innanfor høge miljø- og klimakrav. Her må politikarane handle raskt.

Verda er endra for alltid etter krigen i Ukraina, og sikkerheitspolitikken må lagast på nytt. Eit viktig ledd i Noregs og verdas sikkerheitspolitikk blir å sørgje for nok berekraftig matproduksjon. Einaste måten å nå eit slikt mål er å bruke hava våre på ein langt betre måte enn me gjer i dag.