Krigen i Ukraina har vist kor sårbare verdas matforsyning er. Dette gjeld både forsyningssikkerheit og forutsigbarheit på pris. Samstundes må me sørgje for å stimulere til auka matproduksjon der avtrykket på ytre miljø er minst mogleg. Meir mat må kome frå sjø. Då er usikkerheita som Fiskeri- og havminister Skjæran no er i ferd med å skape rundt miljøkonsesjonsordninga si framtid ikkje berre skuffande, den er uhaldbar.

Gjestekommentar

Skrevet av dagleg leder Sondre Eide i Eide Fjordbruk. Eide er ein av IntraFish sine faste gjesteskribentar. Dei andre er: advokat Halfdan Mellbye, ulike bidragsytere frå Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgivar i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik i Advokatfirmaet Schjødt og ulike bidragsytere frå Havforskningsinstituttet.

Berre to prosent av verdas kalorikonsumet kjem i dag frå havet. Samstundes veit me at potensielt produksjonsarealet i sjø er over 99 prosent større enn det me har på land. Det sei seg sjølv at auka produksjon av mat frå hava vil være naudsynt for å dekkje verdas matbehov, både i rolege og urolege tide. Men det må skje på ein måte som er berekraftig, båe for natur, dyr og klima. Me treng difor ny teknologi som kan bidra til å løyse verdas aukande behov for matproduksjon, samstundes som me bidreg til å redusere klimautslepp og holde hava våre reine.

Verdas matvaresikkerheit er trua av Russlands krig mot Ukraina. Ukraina og Russland er Europas og verdas kornlager. Konsekvensane er at matvareprisane skyt i været, og det er dei som har minst frå før som blir hardast råka. Dette viser sårbarheita verda står ovanfor når det kjem til matproduksjon og matsikkerheit.

Noreg er eit lite land, men med ein lang kyst. Vi har derfor store moglegheiter, og eit stort ansvar. Det er klokt at ein sjømatnasjon som oss går fyst og visar veg. Dei nye miljøteknologikonsesjonane kan bli eit verkemiddel som ikkje berre auke moglegheitene for norsk sjømatproduksjon, men som bidreg til ei teknologisk utvikling som gjev verda betre matforsyningssikkerheit, samtidig som utslepp og miljøkonsekvensar reduserast. Det Noreg og verda no treng, er politisk handlekraft som bidreg til at nye løysningar raskt settast i drift, slik at me kan skape framtidas matproduksjon i hava våre. Uklarheita om utsetjing eller skroting av satsing på miljøteknologi er i beste fall tankelaus, i verste fall dobbeltmoralsk.

Ei utsetjing eller skroting av miljøteknologiordninga vil oppretthalde og truleg auke verdien og inntektene til Finansdepartementet på vanlege konsesjonar utan særskilde miljøteknologivilkår. Samtidig vil det svekke innovasjonen i norsk havbruk, noko som betyr at ein set problemstillingane om ytre miljø, villaks og påverking på vent. Det kan ikkje finnast faglege argument for dette, den einaste forklaringa må være at så lenge Finansdepartementet tene gode pengar på tildele nye konsesjonar i opne merder, så vel det dei framfor å bidra til naudsynt omstilling.

Statsråd Skjæran må forstå at videre utvikling av moglegheitene for auka produksjon av berekraftig mat frå havet er viktigare enn excel-arka til finansbyråkratane i Oslo.

Det er viktig å ha fleire tankar i hovudet på ein gong. Me kan ikkje gløyme verken klimakrise eller havmiljø når vi skal bidra til å løyse verdas matvareproblem, både på kort og lang sikt. Det er difor me må finne løysningar som gjer det berekraftig å auke produksjonen av norsk sjømat. Løysinga ligg i moderne teknologi, som vil kunne revolusjonere måten vi driv matproduksjon i hava.

Incentiva som leggjast til grunn for nye miljøkonsesjonar må basere seg på objektive kriterier, som understøtter teknologiske løysningar som gjev lokale og globale resultat raskt. Det betyr at teknologi som gjer resultat, raskt må implementerast for å setje fortgang på den transformasjonen som næringa må gjennom for å vokse ytterlegare. Veksten må være basert på dei naturgitte fortrinna Noreg har som sjømatnasjon. At kriteria er objektive vil også redusere forvaltninga si byrde med saksbehandling – og politikarane slipp lettare unna ivrige lobbyistar som skal tale søkarens sak.

Det er nokon tidspunkt i historia som er definerande for korleis me menneskjer produserer mat. Det er store ord, men eg meine bestemt Noreg no står ovafor ein moglegheit som vil forandre verda. Om 10 år kan ikkje 2 % av verdas produksjon av mat kome frå havet. Me bør ha nærma oss 20 %. Det vil vere eit viktig bidrag til ein tryggare matsikkerheit i verda, samstundes som klimaavtrykk og miljøbelastninga vil reduserast. Noreg har den gule leiartrøya i dette arbeidet, men resten av verda jakter i feltet bak. Vi bør setje inn kreftane og sørgje for å dra resten av feltet opp bakkane til mål. Det første vi må gjere er å leggje til rette for teknologisk utvikling av løysningar som transformerer matproduksjon i hava. Miljøkonsesjonane kan, og må, innrettast på ein måte som tek oss nærare målet. Ei utsetting eller skroting av ordninga vil vere ei gåve til konkurrentar i utlandet, men ei katastrofe for verdas matsikkerheit og vår klimakamp.