Innlegg om ILA

Skrevet av Frode Finne-Fridell, som i over 15 år har jobba med ulike vinklingar på ILA, og Morten Lund, som har jobba som fiskehelseveterinær i felt i Hordaland før han tok ein doktorgrad på PRV.

Dei mange mistankane om ILA-smitte og tal på ILA bekreftingar i 2020 fekk Ole Bendik Dale på Veterinærinstituttet til å spørja oss om me no ser ein auke av den ikkje-patogene HPR0-varianten av ILA-virus i norske settefiskanlegg, og om dette aukar faren for at viruset muterer og blir endra til den farlege HPRDelta-varianten.

Det første kan me bekrefta - det er ein auke i påvising av ILA-HPR0 i settefiskanlegg i Noreg. PatoGen ser at i åra 2011-2013 var 0-4 prosent av dei testa settefiskanlegga positive for ILAV-HPR0 (per år). Denne delen auka frå 2014 og har dei siste åra lege på 6-9 prosent per år (tabell 1), men me vurdera det slik at den reelle prevalensen vil vera noko høgre, grunna ulike testrutinar. I 2019 var 7 prosent testa settefiskanlegg positive for ILAV-HPR0. Samstundes ser me at talet settefiskanlegg som har testa for ILAV har auka betydeleg frå 2011 (N=10) til 2019 (N=72).

Tabell 1. Oversikt over ILAV-HPR0 i settefiskanlegg. Kilde: PatoGen AS Foto: PatoGen AS

To typar utbrot

Med omsyn til korleis me angrip ILA-utfordringane framover, er det og viktig å skilje mellom primærutbrot av ILA, som har starta som fylgje av en mutasjon frå den ufarlige ILAV-HPR0 varianten, og sekundærutbrot som er ei fylgje av smitteoverføring av den sykdomsfremkallende ILA-viruset frå eit matfiskanlegg til eit anna.

I 2018 reknar me med at det var over 50 prosent primære ILA-utbrot og i 2019 var det over 80 prosent primære ILA-utbrot. Tall frå 2020 så langt tyder på at det også i år er ein majoritet av primære ILA-utbrot. Dette betyr at me har vore dyktige i å stoppe spredning av den patogene varianten av ILAV mellom matfiskanlegg, men at noko har skjedd med mutasjonfrekvensen til ILAV-HPR0.

Vidare erfarer PatoGen at prevalensen og den relative mengden HPR0-viruspartiklar (estimert på bakgrunn av Ct-verdiar) varierer mykje blant dei positive settefiskanlegga. Dette viser at enkelte anlegg produserer smoltpopulasjonar med mykje virus, medan andre produserar smolt med lite virus. Me har ikkje gode nok data til å kunne forklare bakgrunnen for desse skilnadane, og det er heller ikkje tilstrekkeleg med data som kan seie noko om det er høgare del positive RAS-anlegg enn gjennomstrømmingsanlegg.

Kva kan me gjere - veit me nok?

Det me alle må spørje oss om, og å prøva å gjera noko med, er kvifor ein ser ein auke i ILA- utbrot i matfiskanlegga og korleis me kan redusera risikoen for slike utbrot. Då er det viktig å vera open for fleire årsaker.

Generelt veit me at stress (inkludert smoltifisering og overføring til sjø) fører til eit svekka immunsystem hjå fisk, noko som igjen vil kunne føre til auka risiko for infeksjonar, og vidare til klinisk utbrot av ein sjukdom. Dette såg me til dømes ved at fisk utsatt for oksygenrelatert stress (for høge nivå) vart meir mottakelege for IPNV (Sundt m fleire).

Spesielt for ILAV er at den opptrer som ein ikkje-patogen variant, ILAV-HPR0, og en patogen variant, ILAV-HPRDelta. Me veit no at ILAV-HPR0 kan mutere til ILAV-HPRDelta, men me erkjenner at me ikkje fullt ut kjenner prosessane som styrer dette eller kva som utløyser mutasjonen. Veterinærinstituttet foreslo i sin Rapport 4-2018 at «overgangen fra HPR0 ILAV til fullt virulent ILAV er en stegvis prosess». Det er dermed mogleg at muterte variantar kan vera “sovande” stadium av ILAV, og når immunsystemet blir redusert hjå fisken, bryt sjukdomen ut.

I vårt søk etter årsak må me sjå på alle forhold som har endra seg dei siste åra. Det er eit faktum at del RAS-anlegg i settefiskproduksjonen har auka, og at smoltvekta ved sjøsetting er større enn før. Sjølv om me ikkje ser noko samanheng mellom RAS og ILA-påvisingar (NB!), så må me vera årvakne.

Difor er det særs viktig at me bygger settefiskanlegg som har eit særleg fokus fiskevelferd med blant anna optimalt karmiljø, inkludert lys og fôrregime, optimalisert smoltifiseringsregime, samt optimalt tidspunkt for stressande operasjonar som handtering (flytting, sortering, vaksinering og sjøsetjing). Biosikkerheit og implementering av risikoreduserande tilak er kostnadsdrivande i prosjektering og bygging av eit RAS anlegg, men Krüger Kaldnes står fast ved tanken om at førebygging vil løne seg samanlikna med behandling.

Unngå å få ILAV inn i settefiskanlegg

I påvente av kunnskap om kva som fører til ein mutasjon av ILAV-HPR0 til den sjukdomsframkallande varianten, meiner me det er viktig å bruke tilgjengeleg kunnskap om ILAV og generell biologisk kunnskap i handtering av ILA. Det er estimert at ILA viruset har ein mutasjonsrate på 1-3 prosent ( Lyngstad m. fleire, 2012).

Vidare veit me at dess større mengde viruspartiklar som vert produsert i ein populasjon av verter, dess større er sjansen for at ein av viruspartiklane muterar. Dette betyr at jo meir ILAV-HPR0 ein populasjon med laks produserar, desto større er sjansen for at eit av desse vil mutere til den sykdomsframkallande varianten av ILAV. Difor er det viktig å redusera delen ILAV-HPR0 som fisken produserar og me meinar at dette kan ein best gjera på settefiskanlegga der ein har best kontroll over produksjonen.

Sjølv om tala våre syner at primærutbrota dominerer over sekundærutbrota (sjå lenger opp) er det viktigaste me kan gjera å redusera risikoen for at ILA-viruset kjem inn i settefiskanlegget med egg/yngel eller vatn. Det er vist at ILAV-HPR0 kan smitte frå foreldre til avkom. Screening av stamfisken for ILAV-HPR0 kan vera eit biosikkerhheitstiltak for å redusera risikoen for å ta inn ILAV-HPR0 i eit settefiskanlegg.

Videre er det også helt sentralt å teste yngel/fisk før den vert teken inn i settefiskanlegget. Førebygging av ILAV-introduksjon i eit RAS-anlegg er endå viktigare enn i eit gjennomstrømmingsanlegg. I eit RAS-anlegg resirkulerer ein 95-99 prosent av vatnet i anlegget og dette vil auka risikoen for oppformering av eit patogen i anlegget. RAS-anlegg har høgre kompleksitet, og viss vask og desinfeksjon i et gjennomstrømmingsanlegg er vanskeleg, så er det enda vanskelegare i RAS. Det er fleire og lengre røyr og fleire tekniske installasjonar i et RAS-anlegg som kan holda på vatn og potensielt opprettholde smitte.

I tillegg er det viktig å hugse at desinfeksjon av eit RAS-anlegg er lite ynskjeleg i utgangspunktet. Miljøet i eit RAS-anlegg er ikkje sterilt, men består av ei mengd bakteriar, virus og andre organismar som fisken både må handtera og dessutan dreg nytte av. Det tek fleire produksjonsyklusar for å optimalisere mikrofloraen i eit biofilter. Desinfeksjon er generelt det siste ein ynskjer å gjera i eit RAS-anlegg, men dessverre noko som er nødvendig om ein meldepliktig sjukdom blir bekrefta.

ILA-vaksinering

Vaksinering mot ILA har vore omdiskutert i Noreg og Finne-Fridell meinar det er naturleg å trekkje fram vaksinering som eit av fleire biosikkerheitstiltak også i Noreg. Om dagens forvaltninga er optimal for næringa sett under eitt, skal ikkje diskuterast her. Likevel meiner Finne-Fridell, at om det skulle visa seg at meir og meir fisk er berarar av ILAV-HPR0, må me kunne snakke om vaksinering som verktøy. For fem år sidan vart det kommentert at ein ikkje skulle undervurdere ILA-vaksinering, og Finne-Fridell spør seg om ein nok kan tenkje seg at vaksinert fisk vil ha lågare forekomst av ILA-HPR0?

Biosikkerhet i RAS

Som eit ledd i vårt arbeid med IK-Akva har Krüger Kaldnes og PatoGen gått saman om ei satsing på auka biosikkerhet. Me meina at eit slikt samarbeid som set fokus på fiskevelferd og fiskehelse heilt frå planlegging av nye RAS-anlegg, gjennom byggefasen og etter oppstart av nye anlegg, er svært viktig. Dette vil bidra til å redusere risiko for smitte og auke sjansen for optimal produksjon i RAS-anlegg. Me har også spesielt fokus på karmiljø, realistisk tilvekst, flytting av fisk i anlegget og oppdeling i ulike avdelingar med smittehygiensk adskilte RAS-sløyfer. I designet av RAS-anlegg ser me også stor nytte i å sikra gjennom regulert personaltrafikk og rett sluse-plassering og -design. Risikovurdert UV-bestråling av inntaksvatn samt eit daudfiskhandteringssystem, er i tillegg heilt avgjerande for å redusera risikoen for innføring og oppformeiring av smitte i anlegget.