Det er bra med store visjonar både til havs og til lands, men gløymer me fjordane har me tapt

Eg trur norsk matproduksjon ser radikalt forskjellig ut om 5 år enn kva det gjer i dag. Då handlar det om å køyra teknologitoget den retninga som samstundes varetar Noreg sine naturgitte fortrinn

Røkter på merdkanten - han kjenner fisken sin.
Røkter på merdkanten - han kjenner fisken sin.Illustrasjonsfoto: Anders Furuset

Framtida for norsk matproduksjon er avhengig av disrupsjon. Det å finna samarbeidspartnarar som er verdsleiande innan ulike teknologiske løysingar, er essensielt for å auka effektivitet, berekraft og utvikling.

Det er avgjerande å kopla saman dei fremste teknologiske hovuda, med dei dyktige folka som jobber på merdkanten og kan fisk. Det å finna motsetningar i samarbeidspartnarar som er villig til å løysa problem saman med dei som arbeider med matproduksjonen kvar einaste dag, gjer at me får ein formel som driv utviklinga raskare og me løyser dei faktiske utfordringane.