Du har faktisk 30 val. 30 ulike moglegheiter. Frå Alta i nord til Røvær i sør. Når dørene opnar i Honningsvåg har du 31. Eg tørr påstå at alle vi som arbeider med havbruk burde ha vore innom.

Eg snakkar sjølvsagt om dei mange visningssentera for havbruk vi har langs kysten. Sidan Arnfinn Torgness og co på Toft i Brønnøysund opna dørene i 2007 har vi sakte men sikkert fått ein heil kyst av slike tilbod. Dei er svært varierte og fortel hvermansen korleis vis driv havbruk her i landet.

Gjestekommentar

Skrevet av Øyvind André Haram i Sjømat Norge. Organisasjonen er ein av Intrafish sine faste gjesteskribentar. De øvrige er: økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik - advokatfullmektig i Schjødt, Dag Sletmo – seniorrådgiver i DNB Seafood,oppdretter Sondre Eide, Nina Santi, seniorrådgiver i Inaq og Erlend Bullvåg, administrerende direktør i Kunnskapsparken Bodø.

For meg? Nei, eg veit det meste. Du tenkjer kanskje at du som arbeider i havbruk, ikkje treng å gå ein stad der du veit det meste. Eg tviler sterkt på at det er mogeleg å gå ut av eit slikt senter og få med deg noko du ikkje var klar over. Sann mine ord, eg har vore innom dei fleste. Tilbodet er svært varierande. Her kan du bli utfordra, delta i interaktive spel, smake, lytte, sjå og la deg fascinere av livet under vann. Ingen av desse sentra er nemleg like. Det er nett difor du gjerne og kan besøkje fleire.

20 år sidan

Tanken om visningssenter blei altså fødd for snart 20 år sidan. Visjonære havbrukarar meinte at vi burde bli langt dyktigare å fortelje om korleis vi dreiv vår verksemd. Noko av årsaka var alle fordommane, motstand og kunnskapslausheit. Sjølv om det til tider var motstand frå fleire byråkratar, var både statsråd Svein Ludvigsen som gjekk av hausten i 05 og påtroppande statsråd Helga Pedersen tilhengjarar. Dei innførte ordninga med visningskonsesjonar, med den fyrste grunnsteinen i januar 06 lagt ned på det som i dag heiter Norsk Havbrukssenter. Snart 20 år etter har vi altså 30 sentre.

Frå Salmar Salmon Center på Finnsnes. Karoline Sandberg er med å lage lakseburgere til barneskoleelever på besøk Foto: Privat

Det er ingen tvil om at sentra er viktige. Året rundt tek ein i mot folk som lurer på kvifor vi brukar så mykje antibiotika i laksen, kvifor kan ikkje all laks flyttast på land eller kvifor øydelegg vi norske fjordar. Eit visningssenter driv på ingen måte blendavasking. Her viser ein fram utfordringar, endringar og let folk få stille dei spørsmål ein ønskjer. Sentra brukar eksterne miljø og fagfolk som ikkje arbeider med havbruk som kan hjelpe til med korleis ting vert framstilt. Mange vert overraska over kor ope alt er. Eg tørr påstå at det er få næringar i Noreg som på denne måten legg så mykje informasjon om seg sjølv tilgjengeleg for den som ønskjer.

Kvifor ikkje bruke visningssentera meir?

Omdøme er noko havbruk i Noreg har hatt utfordringar med. I dag viser målingar at det på ingen måte er krise. Vi ligg over gjennomsnittet med kva samanliknbare bransjar har. Vi kunne likevel ha gjort langt meir for å skape meir engasjement for havbruk i landet. Kvifor ikkje bruke visningssentera meir? Når tok du med naboar, familie, politikarar eller byråkratar inn på eit slikt senter? Kor mykje tid har du brukt på å fortelje om kva du gjer i kvardagen? Vi treng fleire ambassadørar lang kysten, som snakkar varmt om kva havbruk er. Ein måte å lukkast med dette er å invitere inn til våre sentre.

Verda treng meir mat. Både forskarar og politikarar er tydelege i kor vi må finne denne maten. Min spådom er at visningssentera vert enno viktigare i åra som kjem. Vi skal vere ein av berebjelkane for norsk velferd i åra som kjem. Skal vi kunne sørgje for meir inntekter til staten, må ein skape meir og ikkje minst; informere meir. Fleire treng å vite. Svaret ligg ikkje langt unna deg.

Kor drar du? Sjekk laks.no – her finn du oversikta.

God sommar