Gjestekommentar

Skrevet av styreleder i Salmar Aker Ocean,, Atle Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, oppdretter Sondre Eide, ulike bidragsytere fra Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgiver i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund og ulike bidragsytere fra Havforskningsinstituttet.

Fiskeoppdrett er ei godt eigna næring for deg som likar at tidene endrar seg, at det uventa alltid kan skje, og ofte vil skje. Den biologiske risikoen er alltid tett på, og det er liten grunn til å tru at han vil la seg eliminere heilt bort.

..du berre var i stormen, var i elden

For nokre tiår sidan var to av mine naboar frå Solund på konsert med dåtidas store norske country-stjerne, Bjøro Håland, i Førde i Sunnfjord. (Dei er begge kjende for mange i næringa, so eg vil ikkje seie namna).

Det varte og det rakk før helten kom på scena, og salen i storstova Førdehuset var pakka med festglade folk. For å lette på stemninga tok ein av karane til å klappe hardt og taktfast i hendene. Heile salen heiv seg på. Applausen varte ei god stund, før dei skjønte at artisten ikkje var på veg inn på scena likevel. Fleire gongar gjentok han dette, med bravur. Då sørlendingen med den karakteristiske cowboyhatten endeleg kom på, hadde nok enkelte begynt å miste litt futten.

Storkapitalen sitt inntog i laksenæringa, gjorde til at svingingar ikkje berre vart noko som hende, men som mange og ynskte. Volatilitet, som det heiter på fint, er med og skapar dynamikken i aksjemarknaden. Nokre gongar er det viktige nyhende som utløyser rørsler i aksjekursane, men ofte kan det minne meir om «falsk applaus».

Mange av dei beste historiene om slik «oppsnakking av aksjekursar» finne ein attende i glansdagane til ein av forløparane til oppdrettsselskapet som i dag heiter MOWI, Pan Fish. Det krev eit eige talent å verkeleg lyfte trua hos tilhøyrarane, og med det prisen på selskapet. Ein må vere ein slags emissær med bransjeteft.

Med inntoget av store landbaserte lakseoppdrettsanlegg, har noko av stemninga frå den gongen teke seg opp att. Forventningar har blitt spente til himmels, medan ein har porsjonert ut stigetrinna på vegen dit med passeleg avstand. Og lenge klappa kapitalmarknaden og dei tilhøyrande ekspertkommentatorane taktfast for entreen til ei ny stjerne.

Den grå stille dagen

At etableringa av storstilt matfiskproduksjon på land ikkje vart heilt knirkefri og utan tilbakeslag, bør eigentleg ikkje ha overraska so mange. Der er ein biologisk risiko, som med all produksjon av mat. Ein har teknologi som treng tilpassingar, og ein har eit kunnskapsbehov som treng å fyllast både hos ingeniørar, leverandørar, fiskehelsepersonell og driftspersonell.

Det som er slåande, er at der stadig er eit «alt eller ingenting» i diskursen kring næringa. Anten må alle problem løysast i eitt sprang, og alt går til himmels, eller so er det heilsvart. Denne haldninga om at plutseleg vart alt håplaust, verkar like historielaus som sviren over at alle ting ser ut til å løyse seg for all framtid.

Som ein ung fiskar heimanfrå sa so klokt; alle skal ha det til at det no er håplaust å drive sjarkfiske, men sanninga er at det aldri har vore enkelt. Det passar godt på fiskeoppdrett og. Det har aldri vore risikofritt og utan sut og slit å drive oppdrett av laks, i sjø aller på land. Men det har stort sett blitt tryggare med tida, og ein har fått fleire hjelpemiddel.

Gamle Laertes skar klunger (…) og læt heltane slåst ved Troja

Det som syner seg, stadig vekk, er at blant dei som oppnår den beste biologien, og dermed dei beste økonomiske resultata, finn ein folk som held seg ved merdane og interesserer seg mest for det faget det faktisk er å produsere laks. Det svarar vel til det diktaren omtala som å «setja potetor, raka lauv, og bera ris».

Ikkje berre går det an å leva i kvardagen, det er nok og ganske klokt, om du skal levere gode resultat over tid. Om ein finne ut av kvardagen, trur eg der vil vere folk som lukkast med store framsteg og ulike typar teknologi. So får det heller våge seg om der blir nokre rundar med overivrig og fånyttes applaus i mellomtida.

Sitat og overskrifter er henta frå Olav H. Hauge sitt dikt «Kvardag», frå samlinga «Dropar i austavind» frå 1966