Gjestekommentar

Skrevet av styreleder i Salmar Aker Ocean,, Atle Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, oppdretter Sondre Eide, ulike bidragsytere fra Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgiver i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund og ulike bidragsytere fra Havforskningsinstituttet.

Samstundes med Aqua Nor openberra det seg to svært interessante hendingar for oss som er interesserte i strukturen i oppdrettsnæringa. Helge Gåsø er i ferd med å gjere eit storslagent comeback, og Kjell Inge Røkke slår seg omsider med på leiken.

Havbruk har i mange år vore ei næring som nesten er lukka for nye aktørar. Dei einaste som kan ha ærend om å kome seg inn, er investorar med djupe lommer. Slik sett er dei to «nye» heilt symptomatiske, dei kjem inn med sterk industribakgrunn og sterke finansar. Likevel er det to litt ulike saker.

Øyvind Kråkås Foto: Ole Jacob Strønen Riise

Comeback kid

Helge Gåsø har brukt mykje av sitt yrkesliv i næringa, og har bygd opp verksemder i fleire epokar. Han er bransjemann so god som nokon. Men då utolmodige kreditorar tok frå han det som såg ut til å vere livsverket, Midnor, vart han sett betydeleg attende. Økonomisk i alle fall. Motivasjonen, driven og kunnskapen ser ut til å ha klart seg bra gjennom krisa.

Gjennom brønnbåtleddet har han bygd seg opp til å nok ein gang ta store eigarposisjonar i lakseoppdrett. Der kan knapt finnast eit meir imponerande comeback i næringa si historie (viss ein ser vekk frå dei som prøvde og feila gong etter gong med to tomme hender og usvikeleg tru i næringa sine spede barneår).

Eg kjenner ikkje Helge Gåsø, men eg blir glad av dette comebacket. Det syner at det ikkje treng å berre vere finansielle investorar som kjøper seg ein plass i næringa framover. Der går enno an å kome seg opp med arbeid, teft og industriell interesse nettopp for denne bransjen.

Fiskar og industrimann

Kjell Inge Røkke har hatt interesser i lakseoppdrett tidlegare, men det vart aldri blant hans hovudsatsingsområde. Det er eigentleg ganske interessant, gitt alle dei bransjane han har hausta betydeleg frå, og den bakgrunnen han har frå fiskeri og foredling. At han no legg store pengar på bordet, må klart sjåast i samanheng med hans sterke interesser i industrikomplekset Aker.

Industrien som har levd godt av å utvikle og produsere installasjonar og utstyr for oljenæringa, treng fleire bein å stå på. Oppdrett til havs vil trenge andre typar utstyr enn det ein brukar nær land. Her kan Aker både bidra og hauste. Og lukkast ein, ligg heile verda open for denne typen fiskeoppdrett. Dette kan bli ein revolusjon for fiskeoppdrett som næring og som industri. Og det vil bli ein arena først og fremst for dei store, sterke aktørane.

Kva har det kosta å ikkje vere med?

Media har i overraskande lita grad dukka ned i historia om då Midnor vart rive ut av hendene til Helge Gåsø, men heller jobba med reknestykke over kor mykje pengar Kjell Inge Røkke har gått glipp av ved å stå utanfor næringa alle desse åra. Ved å samanlikne formuen hans med partneren i Salmar, meiner ein nesten å kunne fastslå at han hadde gjort det betre ved å satse einsidig på oppdrett i staden for alt anna han har gått inn i.

Dette gjev nærast inntrykk av at det å bygge verdiar i lakseoppdrett berre har handla om å kome seg på eit tog tidsnok, og sitje der medan det klatra mot toppen. So enkelt har det ikkje vore. Det er vel meir rett å seie at det var ikkje heilt grunnlaust av Røkke å tvile på næringa som investeringsobjekt. Fallgruvene har vore mange.

Det er ikkje naudsynt å namnkjenne historier om vekst og fall i laksenæringa, men ein kan slå fast at mange har sveva høgt og falle brutalt. Det gjeld for store konsern, investorar og familieselskap. Næringa har tradisjonelt svinga mykje, i takt med salsprisen for laks. Dessutan kan ein når som helst bli råka av biologiske utfordringar.

Det er verdt å merke seg kor utruleg mange som har eigd i fiskeoppdrett og som ikkje gjere det lenger. Dei som sit som eigarar av konsesjonar i dag, er faktisk berre glasuren på kaka. Mange måtte gje opp tidleg, nokre tok gevinst og selde seg ut, nokre har vore underfinansierte, nokre har vakse for fort og for dyrt. Nokre har vorte skvisa i harde maktkampar.

Å antyde at Kjell Inge Røkke ville ha bygd like store verdiar som Salmar om han satsa på oppdrett tidlegare, er difor ganske meiningslaust. Faktisk er det ingen andre som har nettopp det. Ingen andre har vore med frå tidleg av og bygd stein på stein like høgt som desse gründerane. Alle som har vore med like lenge, er langt mindre. Med andre ord handlar det om meir enn å begynne tidsnok.

Det er meir interessant å spekulere på kva som kan bli, enn kva som kunne vore viss fortida var annleis. I tidlegare periodar av strukturendring har ein sett at nokre lokale selskap stig fram og blir små konsern. Også no ser ein at det er ikkje berre dei største som blir større, men at og nokre av dei mindre byggjer seg opp. Sjølvsagt med den konsekvensen at ein del eigarar går ut av næringa. Og kven veit kven som blir mest nøgde? Heller ikkje no står lakseoppdrett fram som ei tvers gjennom trygg investering.