Endringane i verda er klare. Me står ansikt til ansikt med utfordringar relatert til klima, matsikkerheit og bevaring av natur. Me må vekte dette mot den konstante befolkningsauken. Moderne havbruk kan vere nøkkelen til å takle fleire av desse problemstillingane, og den ferske miljøteknologiordninga kan drive fram noko av den teknologiske innovasjonen som er nødvendig i dette krevjande arbeidet.

Gjestekommentar

Skrevet av dagleg leder Sondre Eide i Eide Fjordbruk. Eide er ein av IntraFish sine faste gjesteskribentar. Dei andre er: advokat Halfdan Mellbye, ulike bidragsytere frå Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgivar i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik i Advokatfirmaet Schjødt og ulike bidragsytere frå Havforskningsinstituttet.

Da siste året har markert eit vendepunkt i norsk havbruk med innføringa av grunnrenteskatten. Skatten har lagt ein skygge øve utviklingspotensialet i bransjen ved å skape hinder for framgang. Likevel, i denne utfordrande tida, kom eit lyspunkt: avgjerda frå regjeringspartia, SV og Venstre, om å lansera ei miljøteknologiordning i tide før sommaren.

Ved ei ordning der eit ope løyve kan konverterast til tre lukka, vil Noreg ikkje berre ta steg framover, men også sikre seg eit sårt trengt fortrinn som frontfigur innan berekraftig havbruk globalt.

Da handlar ikkje om å stilla spørsmål, men om å akselerera endring. Ved å setja fokus på lukka miljøteknologi, har me ein unik moglegheit til å revolusjonera sjømatindustrien. Ikkje berre kan me auka produksjonen av miljøvennlig mat, men også tiltrekka oss dei skarpaste hjernane og gje nytt liv til kystsamfunna. Dette er sjansen vår til å stå i spissen for eit teknologisk skifte i matproduksjon, innovere for å møta noko av jordas veksande matbehov, og samstundes ta vare på naturen - både på land og i havet.

Miljøteknologiordninga

Det er avgjerande å innføra ei miljøteknologiordning. Men for full verknad, må ordninga vera so treffsikker som Erling Braut Håland på banen. Det sentrale er at me skal kunne veksle eit ope løyve mot tre lukka. Dette vil visa sjømatindustrien veg til å satsa meir på miljøteknologi.

Me står med eit avgjerande skilje. Eit til tre-forholdet er ikkje ein leik av tilfeldigheit. Sjølv om det kan vere nødvendig å tillatta fleire lukka løyver for kvart ope løyve, er eit til tre den ufråvikelege standard for å bevare økonomisk fornuft. Og med krav om oppsamling av partikulært slam på to tredjedeler, sikrar me at tre lukka løyver står skulder ved skulder med eitt ope anlegg i ansvar for miljøet.

Må vere blant toppen av lista

Det er avgjerande med klare retningslinjer for lukka teknologi som kan verifiserast. Med sleke føringar sikrar me teknologisk innovasjon i favør av miljøet, innanfor våre ordningar. Dette gjer framdrift i den norske havbruksutviklinga, skapar meirverdi for samfunnet, styrkjer leverandørindustrien og gjev utvikling på globale utfordringar i høve til klima, natur og matforsyning. Me skapar ein situasjon der alle vinn.

Når politikera og byråkratar vender tilbake etter sommarferie, må dette vere blant toppen av lista. Framtida tek ikkje pause, og me må vere i forkant med løysingane. Me skal setja standarden, ikkje berre henga med. Introduksjonen av den nye miljøteknologiordninga kan markera ein revolusjon innan havbruk. Frå eit til tre – det er vegen framover.