Elefanten i havrommet

Dei som legg regulatorisk best til rette for innovasjon og disrupsjon av havrommet, vil vere blant vinnarane av berekraftig matproduksjon i framtida

Oppdrettar Sondre Eide på smoltanlegget i Skogseidvatnet ved bedriftens hovedkvarter.
Oppdrettar Sondre Eide på smoltanlegget i Skogseidvatnet ved bedriftens hovedkvarter.Arkivfoto: Eivind Senneset

Når verda sine utslepp må ned samtidig som me skal bli 2,5 milliardar fleire menneske mot 2050, må det skje ein revolusjon på matsida. FAO i FN har berekna at verda treng å produsera 50 prosent meir mat for å metta den aukande befolkninga. Når matproduksjon allereie i dag utgjer øve 28 prosent av dei globale klimagassutsleppa er det eit tøft løp som skal til for å ta vare på planten samtidig som ein skal mette verdas befolkning.