Gjestekommentar

Skrevet av Øyvind André Haram i Sjømat Norge. Organisasjonen er ein av Intrafish sine faste gjesteskribentar. De øvrige er: økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik - advokatfullmektig i Schjødt, Dag Sletmo – seniorrådgiver i DNB Seafood,oppdretter Sondre Eide, Nina Santi, seniorrådgiver i Inaq og Erlend Bullvåg, administrerende direktør i Kunnskapsparken Bodø.

Seks gonger. Sidan eg pakka sekken og forlèt mi vene vakre heimøy på 90 talet, har ekspertane sett seg ned. Seks gonger. Utval, NOU, rapporter og meire til. Det har vore forskarar, folk som har arbeida med sjømat i ein mannsalder, juristar, professorar og økonomar. Alle, ja faktisk meir eller mindre alle gongane, har dei konkludert med det same. Noko må skje. Som ein ringrev på kaia sa til meg for litt sidan: «Trur du verkeleg at nokon tørr?».

Øyvind André Haram i Sjømat Norge. Foto: Sjømat Norge

Den engasjerte NRK-journalisten Dag Lindebjerg sa det så presist ein gong eg stilte han spørsmålet, etter at han reiste kysten rundt for å lage tv-serie. «Øyvind, fra Kirkenes til Rogaland. Der var det liv og engasjement. Da jeg fortsatte turen ble det dødt på kaia.». Eg stilte han spørsmålet om kva som hadde gjort mest inntrykk. Han skrøyt av fiskeindustrien, av folk på kaikanten som tok i mot han. Han var så entusiastisk over at det skjedde så mykje og at sjømaten var så sentral.

Dette handlar altså om fiskeindustri. Om det å skape meir av fisken. Å foredle, å utnytte restråstoff, å lage fiskekaker, fiskebollar, salte, tørke og meire til. Fy søren kor godt det er. Verdsmeistrar. Vi har produkt folk rundt om kring i verda blir euforiske når dei får smake på. Kvifor er det så umogeleg å gi norsk fiskeindustri, her i landet, meir merksemd?

Meir aktiv politikk for industrien

Ofte når ein prøver å snakke om fiskeindustri og hevde sin rett, så vert det sagt at ein kritiserer fiskarane. For meg handlar dette ikkje om å rette skyts mot havet. Fiskarane er gull. Det er då tross alt dei som leverer det som er grunnlaget for fiskeindustrien. Men kvifor kan ein ikkje ha ein meir aktiv politikk for industrien? Når seks rapportar på 30 år er klinkande klare at noko må gjerast. Kvifor tørr ingen? Kvifor er det eit hylekor ute berre ein så vidt prøver å kome med endringsforslag? Er verkeleg alt hogd i stein? Er det heilt umogeleg å legge til rette for å skape meir lønsemd?

Juks på vekta. Arbeidslivskriminalitet. Hygienetiltak. Det er ufatteleg sjeldan at ein hyller det som skjer på Husøy, i Båtsfjord, Stamsund, Leknes, Bud, Kalvåg eller ein av dei andre stadane med industriverksemd. Sjølvsagt har det vore ting å rette opp i her og. Eg prøver å teikne eit glansbilete. Det er likevel for meg paradoksalt at når så mange snakkar så mykje om fleire arbeidsplassar, meir verdiskaping og meir bearbeiding, så skjer det motsette?

Tveiteråsutvalet

I snart to år har eg hatt gleda av å vere med på eit prosjekt der vi har følgt fire unge i fiskeindustrien. Akvile, Elise, Ole og Qaalid. Alle under 30, engasjerte og glødande i trua på at fiskeindustri er viktig for Noreg. Vårt mål er å vise fram deira kvardag til unge, utanom vår næring. Kanskje kan vi skape meir engasjement og prøve å gi eit bilete av eit liv som er verd å leve?

Mi tru lev framleis. Eg håper at Bjørnar no tek tak. Han har sagt at han vil, så får vi sjå om det berre blir med praten, som vi ofte har opplevd med tidlegare politikarar. Tveiteråsutvalet, som det siste, ligg på pulten din statsråd. Du har så mange gode forslag her som kan gjere livet enklare for desse fire. Eg ønskjer deg statsråd God Jul og har eit tindrande nyttårsønske. Ta grep, skap meir lønnsemd for norsk fiskeindustri.

PS! Og når du og andre har juleferie. Gå innom @langsvarkyst på Instagram. Møt dei som og har trua!