Gjestekommentar

Skrevet av styreleder i Salmar Aker Ocean,, Atle Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, oppdretter Sondre Eide, ulike bidragsytere fra Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgiver i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund og ulike bidragsytere fra Havforskningsinstituttet.

Når eg tenkjer på grenselaus norsk innovasjon, så er ikkje starts ups, Khaoot, NTNU, Appar eller oppdrettsnæringa det fyrste som poppar opp i hovet mitt. Det som slår meg er Ole Einar Bjørndalen. Kven om nokon har flytta ein idrett og ikkje minst alt rundt idretten so langt, over so lang tid som han. For meg er han eit levande symbol på både innovasjon, taktikk og strategi i særklasse.

Få idrettsutøvarar har vore meir fasinerande å følgje enn Ole Einar Bjørndalen. Rått talent, skrupuløs disiplin, stålvilje og ei evne til å fornye seg over tid som få andre idrettsutøvar har vore i nærleik av. Ole Einar vant skiskyttarsprinten i OL i ein alder av 40 år, da var hans åttande OL gull. Han vant den mest fysisk vanskelege og mest krevjande øvinga i ein alder av 40 år. Han har eit heilt hus med OL og VM medaljar, og 95 sigrar i verdensecupen, også i langrenn.

Sondre Eide Foto: Joar Grindheim

Så kva var så unikt med idrettsutøvaren Ole Einar? For da er mange unike ting med Ole Einar. Etter mi meining var evna hans til å kontinuerleg jobbe med å innovere, sjå kvar han kunne skaffe seg konkurransefordelar, kvar han kunne hente sekund på konkurrentane og at han aldri godtok status quo, hans enrome fortrinn. Ikkje berre fordi dette gjorde han tilnærma uslåeleg store deler av karrieren, men fyrst og fremst fordi da dreiv han som menneske og idrettsutøvar.

Han var svolten sjølv når han låg aleine i front. Han viste kva han skulle bli betre på og han jobba disiplinert med små detaljar. Han gjorde ikkje det same som han gjorde i fjor, sjølv om han var uslåeleg då. For han ville lenger, han ville pushe grensene endå eit hakk. Enten det var ein millimeter annleis hofteteknikk i dobbeldans i motbakkar, kolossale motbakkeintervallar for å auke terskelen, total endring av skyteteknikk for å unngå bom på siste skot, nye ski og stavar som teoretisk gav meir kraft, mentaltrening eller det å kjøpe ein buss med rulleskitredemølle som gjorde at han kunne trene kvalitetsøkter kor som helst når han flytta seg, når dei andre ikkje kunne. For meg verka han som ein som heile tida strukturert analyserte, planla og turte å gjere radikale ting for å forbetre seg, sjølv om han hadde suksess med planane han la i fjor.

Kva ville Bjørndalen gjort?

Da er inspirerande å møte ein person som Ole Einar, og da har vore vanvitig inspirerande å følge karrieren hans. Som tidlegare skiskyttar på juniornivå var det alltid motiverande for meg å sjå kva som var hans neste trekk. Sjølv om han som liten og lett, gjorde ting som min lange og tunge kropp aldri brude prøve å etterlikna, så var det mykje å læra og mange tips eg prøvde å implementere.

Når det no skal dannast ny regjering og Noreg som nasjon forhåpentlegvis framleis skal være ein verdsleiande havbruksnasjon, har eg reflektert øve korleis Ole Einar sin mentalitet ville angrepet utfordringane som den neste fiskeriministeren vil møte.

Eg veit ikkje kva politisk standpunkt Ole Einar har, så det har ingenting me saka å gjere. Men kva ville han gjort om han var vår neste leiar for sjømatnasjonen Noreg, på vegen mot femdobling av verdien av norsk sjømat og nullvisjon på klimagassutslepp i 2050?

Eg må av og til innrømme at det er litt fortvilande å tenkje på idrettsinnovasjon når ein driv med havbruk. I idretten er ein vant med at gode idear ofte kan implementerast umiddelbart. Mens i havbruk er det mange lange prosessar og ofte politikk der fleire ting enn rasjonalitet står i fokus, dette hadde vore tungt i idretten. Men det er framleis mykje likheitstrekk mellom toppidrett og næringsutvikling, og politikken burde lære av legender som Ole Einar Bjørndalen.

Om han hadde tatt jobben trur eg Ole Einar hadde starta den fyrste dagen med kroppen sin, eller i dette tilfellet landet sitt. Kva unike fordelar har eg med min kropp og kva skil meg frå mine konkurrentar i det eg ynskjer å konkurrere i? Er eg liten, lett, rask eller stor, tung og lang? Om eg er 120 kg og to meter er det vanskeleg å satse på å bli best opp lange bakkar, då bør eg konkurrere med kraft på flatar og nedover bakkar. Kanskje eg til og med ikkje har kropp som er konkurransedyktig i uthaldenheitsidrett og bør satse på bryting eller andre idrettar som passar meg betre?

Viss me drar parallellane til kva som er havbruksnasjonens Noregs unike fortrinn, er det fyrste me veit at me har eit svært land i areal, kompetente menneske spreidd i kvar ein krok, mykje beskytta sjøareal, lange djupe fjordar, lang erfaring og kompetanse innan havbruk. Det er sjølvsagt mange fleire fortrinn men eg trur dette er av dei viktigaste. Det er klart me har eit relativt lite marknad å selje til internt men gode moglegheiter til å produsere mykje sunn sjømat som verda treng.

Berekraft og mattryggleik øvst på agendaen

Etter å ha identifisert våre fordelar ville nok Ole Einar analysert marknaden, moglegheiter framover, konkurrerande nasjonar og deirans fordeler. Så ville han kanskje sett på trendar og truslar. Då hadde han sett at Noreg er verdsleiande og dominerande i oppdrett av laks, men ein liten fisk målt i volum innan akvakultur, faktisk snautt 2 prosent av verdas akvakultur.

Han ville også sett at det er svært lite mat som globalt i dag vert konsumert frå havet, faktisk berre 2 prosent det også, på trass av at arealet som er tilgjengeleg er enormt. Han ville sett at på grunn av klimamåla må meir mat komme frå havet om folk vil fortsette å ete animalske protein. Han ville sett at få land hadde beskytta farvatn med optimal temperatur for laksen, men at alt av marknad så og sei låg i utlandet. Og han ville sett at eksport av teknologikompetanse til utlandet innan havbruk er til stades, men mykje mindre enn verdien av vår eigen produksjon.

Så kva hadde Ole Einar gjort neste dag som minister? Dette er sjølvsagt eit retorisk spørsmål, men eg trur han hadde hatt berekraft og mattryggleik øvst på sin agenda, for han er i alle fall kjent for å tenke langsiktig og overleve i tet over tid.

Så trur eg han hadde jobba med marknadstilgang og forsøkt å betre dei. Utan marknadstilgang er me død som sjømatnasjon. Det blir som å sikre at Ole Einar får delta i OL med sine karbonski og ikkje treski, så dette er elementært. Så trur eg han hadde lagt til rette for at den innovasjonen som hadde styrka Noregs fortinn som havbruksnasjon hadde vore prioritet.

Her trur eg han hadde sett at me har beskytta fjordar med verdas reinaste sjøvatten, der det er utfordringar me må løysa, men at ein må la utviklinga skje i sjøen, og ikkje på land. Eg trur han hadde sett på landbasert oppdrett som interessant teknisk og at me innan settefisk kan utvikle dette for meir produksjon med mindre ferskvasstilgang, men unødvendig i forhold til sjøvatten og utsprenging av strandsone om ein kan oppnå same miljøeffekt flytande i sjø med for eksempel flytande lukka anlegg.

Neste dag blir tung

På den tredje dagen som statsråd håpar eg at Ole Einar tar ein kviledag, for neste dag blir tung.

Den fjerde dagen så trur eg nemleg han etter fleire samtalar med havbrukarar langs kysten hadde blitt frustrert over tida det tar å få svar. Ole Einar kan få starte den fjerde dagen med å forenkle prosessane til oppdrettarane. Han vil at me som nasjon skal være gjennomtenkte og demokratiske, men at gjennom dialog skal aktørar få tips om korleis ein skal søke, om ein bør søke eller om det er betre å leite ein anna plass.

Han tenkjer at dialog er kjappare enn søknad, avslag, advokat, klagebehandling, avslag, advokat og anker. Forenkling av prosessar og oppfordring til dialog vil føra havbruket tilbake til tidene når ein etablerte fortrinnet som leiande produsent av laks. Det blir litt som om Ole Einar må lese fire bind med treningslære kvar gong før han tek på seg skia, eller om han kan ha ein direkte dialog med trenarane om korleis hans kropp er, og kva støtteapparatet tenkjer han bør trene. Eg veit kva eg tenkjer vil væra mest effektivt. Eg trur Ole Einar hadde prioritert god dialog med oppdrettarane, teke imot innspel, spørsmål eller kome med tips den andre vegen.

Når han so vakna på den femte dagen hadde kanskje Ole Einar tenkt tilbake på toppidretten, kor det er slik at når alt fysisk og regulatorisk er på plass, så er det opp til mentaliteten og teknikken. Eg trur han ville prioritert teknologi som la til rette for fordelaktig berekraftig vekst i Noreg, der me har fortrinn.

La dei som har idear for korleis ein kan få Noreg til å produsere meir berekraftig, til ein lågare kostnad eller høgare kvalitet få bevise det. Dei må få bevise det utan å slost med etablerte oppdrettere for å få testa at det verkar. Dette er også elementært frå idretten, dei beste skal gå uavhengig av kor gamle dei er eller kvar dei kjem frå. For dei beste har størst sjanse til å vinna.

Hadde garantert gjort ein god jobb

Men kva me havet tenker kanskje du? Eg trur Ole Einar hadde prioritert dette på dag seks, det er jo her arealet er, det er her volumet er, men det er mange land som har denne fordelen.

Eg trur han hadde funne ein veg der Noreg hadde vunne dette slaget også. Han hadde aldri ignorert havet og han hadde aldri vore redd for konkurransen globalt. Men han hadde prioritert teknologi som hadde auka berekrafta i beskytta farvatn som andre land ikkje kunne kopiert.

Han ville teke vare på konkurransefortrinna våre innan mattryggleik, reint sikkert vatten, og den teknologien som gjer at Noreg kan ta nye steg i den globale kampen om berekraftig og sunn matproduksjon som er konkurransedyktig på pris inne i marknadane.

Om Ole Einar vert vår nye fiskeriminister tviler eg sterkt på, men han hadde garantert gjort ein god jobb, og dei kommande politikarane må lære av filosofien som har gjort han til verdas beste skiskyttar gjennom tidene. Det hjelper ikkje at Noreg tok mest medaljar og hadde flest fulle hus på skytebana i fjor, me må nullstilla oss, tenka framover og utvikla oss kvart einaste år framover, om me skal vera verdas leigande sjømatnasjon i framtida.