Sjømatnæringa står framfor potensielt store endringar i rammevilkåra. Det snakkast både om grunnrente, samstundes som skatteutvalet leverer sin rapport før jul, og Havutvalget arbeider med løyvesystemet.

Eg trur me står ovanfor store endringar. Det viktige, og sjølve eksamen, vil vere om dei samla rammevilkåra vil auke innovasjonen i norsk havbruk der ein mogleggjer å satse på ny teknologi i fjordane. Det viktigaste må vere at summen av endringar gjer at incentiva for å driva berekraftig aukar. Det er ikkje umogleg at me må bruke både gulrot og pisk, men det må rett og slett løna seg å investere, innovere og utvikle løysingar i fjordane som løyser utfordringane med lus, lokalt avfall og auke rømmingssikkerheita.

Incentiva for elbilar i Noreg er ei god samanlikning. Gulrota for å satsa på miljøvennleg biltransport var store. Billegare innkjøp, billegare drift, og eigne løyve til å køyra i kollektivfelta, for å nemne noko. Det verka. Samstundes auka politikarane prisen for å køyre fossilbilar. Både gulrot og pisk vert tatt i bruk.

Må tenke heilhetlig

Alle veit at både dei største utfordringane, men og det største potensialet for norsk sjømat, ligg i fjordane våre. Då er det heilt avgjerande at me får incentiv som gjer at næringa satsar på nye teknologiske løysingar nettopp i fjordane. Slik det er i dag med enorm forskjell i insentiv på land kontra i sjø vil alle dei store investeringane kome på land, kor naturinngrepa er store, og energibehovet fleire hundre prosent større enn om me for eksempel hadde lukka teknologien flytande i fjordane. Systemet i dag er ikkje berekraftig, og det stimulerer ikkje til å løyse utfordringane best mogleg i norsk favør. Ein kan samanlikne systemet med som om elbilane berre skulle kunne køyre på kommunale vegar, og ikkje på motorvegane. Då hadde ikkje den norske bilparken blitt elektrifisert.

Det er naudsynt at politikarane tenker heilhetlig og samanhengande når dei no skal leggje rammevilkåra for norsk sjømatproduksjon inn i framtida. Det må vere samanheng mellom dei politiske vekstambisjonane, skatteincentiva, og auka krav om berekraft i produksjonsmetodane. Det må rett og slett lønne seg å løyse utfordringane i fjordane, samtidig som det må koste og ikkje gjere det.

Tøffe tider

Innføring av grunnrenteskatt og auka formuesskatt er ikkje ei gåvepakke til innovasjon, utvikling og norsk eigarskap i havbruksnæringane. Difor er det avgjerande viktig at dei samla incentiva gjer det mogleg for norske eigarar og norske bedrifter å konkurrere på kvalitet og berekraft. Noregs naturgitte fortrinn ligg i fjordane, moglegheitene ligg i fjordane, potensialet ligg i fjordane, då må også løysingane og incentiva koma i fjordane.

Det er tøffe tider for mange i Noreg no. Me i oppdrettsnæringa har ikkje mykje å klage over. Samstundes vil det gjere vondt verre for Noreg, om me ikkje vareteke ei næring som blir stadig viktigare for både landet, men også dei små lokalsamfunna langs heile kysten. Me er einige om at me må løyse utfordringane i fjordane, og me har teknologien som kan gjere det klar. Det handlar no om at politikarane må gjere det mogleg å ta i bruk lukka teknologi, også i fjordane. Då kan me ikkje ha eit system som gjer det lønnsamt å satsa på land, mens det er umogleg å gjere det i fjordane, sjølv om resultata for miljø, hav og klima er betre.