Kommentar

Denne kommentaren er skriven av Joar Grindheim, ansvarleg redaktør i IntraFish.no.

For to veker sidan la Havbruksskatteutvalet fram sin rapport der eit delt utval føreslår 40 prosent grunnrenteskatt på havbruksnæringa. Mindretalet, som bestod av representantar frå fagrørsla, kommunane og bedriftsorganisasjonen NHO, peika på at dagens modell med Havbruksfondet bør vidareførast, men at det eventuelt kan innførast ei moderat produksjonsavgift dersom fondet ikkje gir stabile inntekter til kommunane.

Uoverstigeleg kløft?

Det har vore interessant å sjå dei mange ulike reaksjonane etter at rapporten vart lagt fram. Dei fleste kommentatorane i norske media hyllar forslaget og meiner det er på tide at staten stoppar profittkåte eigarar som må gi litt av det enorme overskotet tilbake til staten

Mange lokalpolitikarar i ulike parti er også inne på same linja, og ser utsikter til å få meir pengar til slunkne kommunekassar. Dei gløymer at pengane frå ei eventuell grunnrente skal innom Finansdepartementet først. Nøkkelholet inn er stort, men ut er det langt trongare.

På den andre sida står næringslivsorganisasjonane og dei såkalla «laksekaksane» og ropar like høgt om kor forferdeleg urettvist det er å måtte betale ein ekstraskatt på opptil 40 prosent av overskotet som vert generert i næringa.

Ekspertane, altså økonomi- og skatteprofessorane, er å finne på begge sider av kløfta.

Kommunane må få meir

Bakgrunnen for at forslaget om grunnrenteskatt no ligg på bordet er kystkommunane sitt langvarige arbeid for å få meir pengar for arbeidet og ulempene det er å være vertskommune for oppdrettsnæringa. At oppdrettsselskapa har tent gode pengar på laksen, har gitt fattige kystkommunar støtte til synet.

Medan norske kraft-kakse-kommunar byggjer kulturhus, bowling og sauna – der fastbuande i kommunen betaler langt lågare pris enn andre for å nytta seg av tilbodet – samstundes som norske oppdrettskommunar slit med å fylla symjebassenga med vatn til livreddande symjeopplæring til borna som bur langs kysten – kling ikkje akkurat like godt som mynt i kassa.

At kommunane som har oppdrettsanlegg innafor grensene sine skal få meir pengar, er vel det einaste både ekspertar på grunnrente og andre meiningsytrarar er einige om. Korleis dei skal få inn pengane, å bygge brua over meiningskløfta, er det striden står om.

Få med privatfly

Mange tilhengjarar av grunnrenteskatt, spesielt i media, synast å meine at lakseprodusentane tener for mykje pengar – eller rettare sagt – eigarane tener for mykje pengar. Store utbytter til enkeltpersonar vert gjerne trekt fram som bevis på at det er behov for ei større skattelegging av næringa.

Om utbytte er investert tilbake igjen i selskapa, eller anna relatert verksemd, har ein ikkje sett på. Det er neppe privat forbruk det meste av utbytta er brukt på. Sjølv om dei fleste oppdrettarar i dag køyrer Tesla eller andre dyre elbilar, som mange andre nordmenn, er det få privatfly og store herskaplege slott å sjå i norske oppdrettskommunar.

Skal argumentet om at det er ei grunnrente i lakseoppdrett gjelde, burde det gjelde også for anna oppdrett av fisk i sjøen. Torske- og kveiteoppdrettarane veit at det ikkje er slik. Ingen kjem til å argumentere for grunnrente på torskeoppdrett. Tvert om har både staten, investorar og oppdrettarar tapt mange milliardar kroner på oppdrett, dels på dei same lokalitetene der det sym laks i sjøen i dag.

Sjøvatnet er ikkje avgjerande

Om det er bruken av sjøen som gir ei grunnrente, så burde vel det også gjelde for skipstrafikk og all anna næring og aktivitet som brukar kystfarvatna våre. Men det er ingen andre sjønæringar som er i nærleiken å levere ekstraordinære overskot samanlikna med andre næringar.

Konklusjonen må være at det ikkje er det norske sjøvatnet som har gitt lakseoppdrettarane store overskot dei siste fem åra. Overskota kjem som følgje av at den globale matmarknaden etterspør meir laks. Og det er ikkje slik at det er det er berre norsk laks som er etterspurt. Om den er produsert på Færøyane, i Skottland, Chile eller Kanada, spelar ingen rolle.

Marknaden har dei siste åra vore villig til å betale ein langt høgare pris for produktet enn det det kostar å produsere den. Det er årsaka til dei store overskota. Men det er ein hårfin balanse. I haust har det vore fleire veker der lakseprodusentane har selt med tap fordi det har vore for mykje laks i marknaden.

Innfør produksjonsavgift

Og når diskusjonen dermed eigentleg handlar at «laksekaksane» må betale meir til samfunnet, blir innføring av grunnrenteskatt som å ta mannen (eller selskapet) framfor ballen («laksekaksen»). Er det eigarane av selskapa ein vil skal betale meir i skatt, så er det andre måtar å gjere det på. Då heiter løysinga formuesskatt.

Det einaste fornuftige utfallet av denne debatten er at sjømatorganisasjonane og lakseselskapa, saman med kystkommunane, leverer eit felles forslag i høyringsrunden der ein føreslår ei produksjonsavgift som vert tilført Havbruksfondet saman med inntektene frå ny vekst. Frå fondet kan det så betalast ut årlege millionbeløp til kommunane.

Skjer ikkje det, vil forslaget om grunnrenteskatt raskt bli henta ut frå skuffa når Siv Jensen går ut av døra som finansminister og eit anna parti overtar jobben – om ikkje det skjer før.