Gjestekommentar

Skrevet av Øystein Skaala, Alison Harvey og Kevin A Glover ved Havforskingsinstituttet. HI er ein av IntraFish sine faste gjesteskribentar. Dei andre er: investor og rådgiver Atle Eide, advokat Halfdan Mellbye, ulike bidragsytere frå Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgivar i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik i Advokatfirmaet Schjødt og dagleg leiar i Eide Fjordbruk, oppdrettar Sondre Eide.

Hardangerfjorden er eit av dei mest oppdretts-intensive områda i Noreg, der miljøavtrykket av havbruksnæringa, i form av rømming og lakselus, har vore synlege veldig lenge. I denne regionen er det påvist store genetiske endringar i 8 av 10 undersøkte laksebestandar som følgje av rømt oppdrettslaks, og lakselusa gir stor dødelegheit på villaks og sjøaure. Samtidig strevar havbruksnæringa sjølv med fiskevelferd og dødelegheit i merdane, og oppdrettarane i Hardangerfjorden snakkar om behovet for endringar i produksjonsforma.

Øystein Skaala Foto: Havforskningsinstutttet
Kevin Glover Foto: Eivind Senneset
Alison Harvey. Foto: Privat

Etneelva i ytre del av Hardangerfjorden, er eit nasjonalt laksevassdrag der villaksen skal ha særleg vern. Samtidig har forskarar ved Havforskingsinstituttet og NINA vist at genmaterialet i etnelaksen har over 20 % innkryssing frå rømt oppdrettslaks. Ei rad undersøkingar i inn- og utland har vist at dette gir endring i eigenskapar som påverkar viktige eigenskapar og reduserer overlevingsevna i naturen. I 2010 tok Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet initiativ til eit nasjonalt pilotprosjekt for å få oversikt over påverknaden og sikra dei ville bestandane i påvente av meir langsiktige tiltak. Initiativet utløyste eit samarbeid mellom forsking, forvalting, næring og elveeigarar for å møta utfordringane. Våren 2013 blei det etablert ein feltstasjon med ei flyteristfelle i Etneelva for å fanga og avliva rømt fisk i Etneelva og auka kunnskapsgrunnlaget om rømt og vill laks.

Korleis reparerer naturen laksebestandar som er genetisk påverka av oppdrettslaks?

Etter etableringa av feltstasjonen i Etneelva i 2013, har elva gjennom 10 år generert viktig kunnskap om rømt laks, lakselus, bestandsstatus hos villaks og sjøaure og vekst, vandring og overleving i havet. Så godt som all rømt oppdrettsfisk blir fanga og avliva.

Undersøkingane omfattar både naturlege og menneskeskapte påverknadsfaktorar. Dette gir oss den mest detaljerte kunnskapen vi har om rømt oppdrettslaks, med omsyn på mengde, oppvandringstidspunkt, storleik og kjønnsmodning, virusinfeksjonar, rømingstidspunkt og mykje anna. Samla sett framstår no Etneelva som det mest komplette og nøyaktige målepunkta for rømt laks, villaks og sjøaure i Europa.

Ved sida av arbeidet med rømt oppdrettslaks, registrerer vi også det aller meste av villaksen i Etneelva. Kvar villfisk blir registrert, målt og vegd og må samtidig avgje ein DNA prøve og 5-6 skjell. Skjella er jo villfisken sin ferdsskrivar, og i desse ligg det forteljingar om fisken sitt litt i elva, om temperatur og mattilgang under laksen sine vandringar i havet. Det betyr at vi samtidig får svært sterke data på bestandane av villaks og sjøaure, slik at vi kan modellera kva påverknadsfaktorar som styrer utviklinga vi ser.

Her møter rømlingane veggen. Flyteristfella er ein sentral komponent i Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i Etneelva. Foto: Havforskningsinstituttet

Feltstasjonen leverer ein unik kunnskapspakke for mange ulike etatar og føremål, som Fiskeridirektorat, Miljødirektorat, Statsforvaltar, vassdragsmynde, regional- og lokal forvalting, elveeigarar og til den internasjonale rapporteringa på villaks gjennom ICES. Det var difor naturleg å etablera ei tverr-etatleg referansegruppe for feltstasjonen i Etneelva, der mellom anna Statsforvaltar Vestland, Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet og Etne kommune inngår.

Eit spørsmål mange har stilt er: «Kva skjer med villaksen når oppvandringa av rømlingar stoppar?» I kva grad og eventuelt korleis og kor raskt vil naturen «reparerer» laksebestandar som er blitt innkryssa med genmateriale frå oppdrett?

DNA prøven som kvar laks må avgje, gir oss høve til å sjå korleis eigenskapane til rein villaks og laks med genmateriale frå oppdrett skiljer seg, mellom anna i tidspunkt for oppvandring, utvandringstidspunkt for smolt, og i tilvekst og i overleving. Samtidig arbeider vi med finna ut om genmaterialet frå oppdrettslaks forsvinn ut av bestanden, kor fort det evt skjer, på kva livsstadium naturen selekterer vekk oppdrettsmateriale, og om dei observerte endringane blir «reversert».

Verda endrar seg, etablering og samarbeid rundt lange tidsseriar blir viktigare

Betydninga av lange, samanhengjande tidsseriar blir stadig tydelegare. Data og fysisk materiale som er samla inn og lagra forskriftsmessig for 50 eller 100 år sidan, er gullgruver for dagens forskarar. Med skjellmateriale samla inn frå villaksen i Etne i starten av 1980-talet, har vi mellom anna påvist kva endringar i arvematerialet og i fysiske eigenskapar som har skjedd over tid.

No endrar verda seg på fleire vis, med eit aukande press for næringsutvikling i elv og kystsone, i leveområda til anadrome laksefiskar. Og med klimaendringar følgjer også meir ekstremver og endra hydrologiske tilhøve og vilkår for anadrome bestandar i elv og sjø. Påverknadsfaktorane endrar seg i både tid og rom. Dette stiller større krav til sterke data for å fastslå den absolutte og relative betydninga av dei ulike naturlege og menneskeskapte påverknadsfaktorane.

Difor blir lange tidsseriar med sterke data frå overvaking mellom anna i referansevassdrag, som Etneelva stadig viktigare. Dette har vi fokus på når vi lagrar data og arkiverer fysisk materiale som skjellprøvar og DNA ved forskingsstasjonen i Etne.

Kevin A. Glover og Kaja Christine A. Fjeldheim med ein vinterstøing. Denne skal utstyrast med elektronisk ferdsskrivar som registrerer miljødata under vandringa i Norskehavet. Foto: Havforskningsinstituttet

Hardangerfjorden som pilotområde på omstilling

Likevel, overvaking og dokumentasjon er inga endeleg løysing av problema med rømlingar. Utfordringane med rømt oppdrettslaks er som for lakselus, tett kopla til dagens oppdrettsteknologi, og må difor løysast gjennom nytenking og eit langt meir proaktivt samarbeid mellom forvalting, forsking og næring enn vi har sett rundt produksjonsformer til no. Med gode grunnlagsdata for utfordringar for både oppdrettsnæring og villfisk, framstår Hardangerfjorden i PO-3 som eit godt eigna pilotområde for stegvis utprøving av nye løysingar, og framskaffing av eit kunnskapsgrunnlag på grøn omstilling som vil vera nyttig for både forvalting og næring.

Om forfatterane:

Øystein Skaala er seniorforskar og har leia fleire prosjekt med fokus på ville bestandar av laks og sjøaure, genetiske og økologiske konsekvensar av rømt oppdrettsfisk, DNA sporing av rømt oppdrettsfisk og marin biologi i Hardangerfjorden. Prosjektleiar for Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i Etneelva.

Alison Harvey er forskar med hovedkompetanse statistisk modellering, populasjonsgenetikk og økologi, og interaksjonar mellom havbruk og ville anadrome bestandar

Kevin Alan Glover er forskingssjef for forskningsgruppe Populasjonsgenetikk på HI Han har vore professor i genetikk på UiB i over ti år, og har jobba med genetikk på «alt» frå lakselus til kval og fisk. Mykje av arbeidet hans er konsentrert om forvaltingsretta tema som resistensutvikling hos lakselus, konsekvensar av genetisk interaksjoner mellom rømt oppdrettslaks i ville bestandar, samt DNA register og DNA sporing.