Kommentar

Denne kommentaren er skrevet av Joar Grindheim, journalist i IntraFish.

I desember vart EY sin årlege analyse av norsk akvakulturnæring publisert. Den viser utviklinga i den norske næringa og kva trendar som pregar lakseoppdrett. Ein trend er utan tvil landbasert lakseproduksjon.

Joar Grindheim, IntraFish Foto: Ketil Svendsen

Produksjon av laks på land har alltid vore viktig for norsk lakseoppdrett. Laksen har i alle år levd store delar av livet sitt i anlegg på land før den vart sett ut i sjøen. Å lage ein god smolt som er godt rusta for overgangen til livet i opne merdar i sjøen, er eit eige handverk.

Utviklinga av resirkuleringsteknologi (RAS) har gjort det mogeleg å la laksen leve enda lengre på land enn før, og har gjort det mogeleg å byggje enda større anlegg på land. Og då den norske staten i 2012 for første gong opna for at settefiskselskap kunne produsere laks på land som var større enn 250 gram, skaut utviklinga fart.

Skjer i heile verda

Sommaren 2016 kom nye reglar for landbasert oppdrett i Noreg, der vektavgrensinga vart fjerne og det dermed vart lov med matfiskproduksjon på land. I tillegg vart slike konsesjonar gratis, i motsetnad til laksekonsesjonar i sjøen. Det har gitt ein boom i interessa for å produsere både stor smolt opp til 1 kg, og planar om at laksen skal leve heile livet på land før den vert slakta.

Men å produsere laks på land er ikkje nytt. Fleire stadar i verda vert det produsert laksefisk, mest aure, i landbaserte anlegg. Men det har fram til no vore snakk om småskalaproduksjon til lokale marknadar.

I dag er situasjonen annleis. Store anlegg for produksjon av laks er under bygging fleire stadar i verda. I EY sin rapport er det identifisert planar for nær 1 million tonn laks på land. Av dette skal 200.000 tonn produksjonskapasitet vere klar allereie neste år. Over halvparten i Noreg og Danmark, medan den store veksten kjem i resten av verda etter 2022. Dersom den kjem. (Kommentaren forset under)

Anlegget til Atlantic Sapphire vert bygd ut i fleire trinn. Foto: Johan Andreassen, Atlantic Sapphire

Er laks på land framtida?

For produksjon av laks opp til 4-5 kg på land, er ikkje rett fram. Ikkje alle vil lykkast. Men at det vil bli produsert store mengder laks på land i framtida, er det ingen tvil om. For også dei som satsar på laks i sjø, vil ha laksen lengre på land i framtida. Til slutt er laksen kanskje berre 6-8 månadar i sjøen før den er slakteklar.

Investorane har også tru på laks på land. Selskap som Atlantic Sapphire i Miami og Andfjord Salmon på Andøy var ved årsskiftet verdsett til over 9 og 1,5 milliardar kroner på Oslo Børs – før dei har selt ein einaste fisk.

Det vitnar om at laks på land ikkje er eit luftslott. Det er framtida. Mange vil meine laks frå lukka anlegg på land er meir miljøvenleg enn laks produsert i opne merdar i sjøen. Og kanskje størst tyngde har den oppfatninga i generasjonen som i dag er tenåringar. Difor må næringa tenkje annleis om dei skal henge med i tida.

Det store spørsmålet er kanskje kor mykje animalske protein dagens tenåringar vil ete om 40-50 år. Men det er ein annan diskusjon.