Kva inneheld fiskemiddagen din?
KOMMENTAR: Den nye vurderinga synte at alle aldersgrupper bør auke inntaket av fisk, men det vil føre til at nesten alle aldersgrupper vil overstige tolegrensa for nokre miljøgifter.
Samstundes understrekar VKM at auka inntak vil gjere at nesten alle aldersgrupper også vil overstige tolegrensa for nokre miljøgifter som dioksin og dioksinlike-PCB, og PFAS. VKM vurderte det generelle inntaket av fisk i norsk kosthald, både frå oppdrett og villfisk.
Men kor god oversikt har vi eigentleg på innhaldet av miljøgift og næringsstoff i norsk fisk, korleis er oppdrettsfisken samanlikna med villfisken, og korleis har nivåa endra seg over åra?
Gjestekommentar
Gjestekommentaren er skrive av Rita Hannisdal, Ole Jakob Nøstbakken og Anette Bernhard, som er forskarar ved Havforskingsinstituttet. Hannisdal er prosjektleiar for Sjømatdatabasen og jobbar med overvaking av framandstoff i oppdrettsfisk. Nøstbakken er toksikolog og jobbar med interaksjonar mellom næringsstoff og miljøgift frå sjømat. Bernhard er forskar i faggruppa Marine toksikologi ved HI og har i fleire år jobba med overvaking av framandstoff i oppdrettsfisk.
Mindre miljøgifter enn sin ville slektning
Ved Havforskingsinstituttet vert det utført omfattande overvaking av både oppdretts- og villfisk. For oppdrettsfisk er Noreg pålagt å ha årleg overvaking av både miljøgift, legemiddel og ulovlege stoff, og i 2021 vart over 2800 samleprøvar undersøkt. For villfisk finst det ikkje tilsvarande krav, men sidan 2006 har det vorte utført basisundersøkingar av kommersielt viktige artar som torsk, makrell, sild og sei, samt artar der det kan vere bekymring for høge nivå av framandstoff som kveite, brosme, blåkveite, lange og krabbe. I desse basisundersøkingane kartlegg ein nivå av miljøgift i størst mogleg del av området der artane vert fiska. Basert på resultata frå basisundersøking, føl ein gjerne også vidare opp med fleire undersøkingar for å sjå på utvikling over tid.