Gjestekommentar

Havforskningsinstituttet er en av IntraFish sine faste bidragsytere. Denne kommentaren er skrevet av to av instituttets ansatte.

Dei lange tidsseriane med overvaking av våre kyst- og havområde er sjølve ryggrada i norsk forvaltning. Ved Havforskingsinstituttet har vi fleire hundre overvakingsseriar som fangstar data kvar dag. Overvakinga av norsk sjømat er ein del av vårt felles arvesølv og utgjer ein av dei viktige pilarane i dette systemet.

Lise Madsen Foto: Havforskingsinstituttet

Lange tradisjonar

Norge har lange og stolte tradisjonar som sjømatnasjon. Kanskje vi kan seie at heile eventyret tok til heilt tilbake til stordomstida til Hanseatane frå midten av 1300-talet med stor handelsaktivitet på Bryggen i Bergen.

Lise Madsen

Er forskningssjef i Forskningsgruppen Sjømat og ernæring, Havforskningsinstituttet. Faggruppen bidrar til overvåkning av næringsstoffer i sjømat og undersøker hvordan sjømaten bidrar til å sikre ernæring og helse.

Monica Sanden

Er forskningssjef i Forskningsgruppe fremmed- og smittestoff, ved Havforskningsinstituttet, som i stor grad involvert i vitenskapelige spørsmål og råd som instituttet arbeider med som nasjonal rådgiver.

En av gruppens viktigste oppgaver er å studere og overvåke forekomsten av fremmedstoffer og annen forurensning i marint miljø, samt å overvåke uønskede stoffer i sjømat.

Tørrfisken var ei viktig handelsvare, akkurat slik han er no, han vart først tørka på hjell, før transport til Bergen og eksport til utlandet. Vi er ein nasjon med milevis av kystlinjer, og er det landet med ei av dei lengste kystlinjene i verda om vi tek med alle øyane. Det er ikkje så rart at vi har slike sjømattradisjoner når landet er omkransa av tre store havområde.

Monica Sanden Foto: Havforskningsinstituttet

Endringar i økosystema

Barentshavet i nord er eit av dei mest produktive havområda i verda takka vere polarfronten.

Denne fronten er med på å gje rik biologisk produksjon av plankton som er mat for fisk. Det er her i nord at klimaendringane er størst. Forskarane som jobbar med dette har vist at temperaturauken her er omtrent dobbelt så stor som gjennomsnittet for resten av kloden.

Dei komplekse pågåande endringane i klimaet er samansette og det er framleis mykje vi ikkje veit om konsekvensane. Men allereie no ser forskarane endringar for nøkkelartar i økosystema. Vi ser at varmekjære dyreplankton trekkjer nordover, medan polartorsken som er avhengig av dyreplankton får større utfordringar når isen smeltar.

Kva konsekvens har endringane

Alt heng saman med alt og når fisken vi et må endre kosthaldet sitt, vil dette endre samansetjinga av sjømaten vår? Kva betydning har det om torsken vel dyreplankton som er rike på feitt til frukost samanlikna med mindre feittrike planktonarter?

Kva betyr det om blåkveita begynner å beite lenger oppe i næringskjeda? Samansetjinga av både næringsstoff og framandstoff i både torsken og blåkveita vil mest sannsynleg endrast. Vil torsken framleis vere ei god kjelde til jod, og vil vi finne meir miljøgifter i blåkveita?

Vi må finne ut kor store desse endringane er og kva konsekvensar desse endringane har både for mattryggleiken og for næringsstoffsamansetjinga i torsken og blåkveita.

Overvaker sjømat

Den siste rapporten til høgnivå panelet til Erna Solberg som omhandlar havet, diskuterer at havet sjølv kanskje kan vere løysinga på klimaendringane, at mat frå havet bør utgjere ein større del av vårt matinntak. Globalt sett har sjømat eit mindre klimaavtrykk enn mat produsert på land og sjømaten gjev oss også ei god pakke med næringsstoff inkludert mikronæringsstoff.

Som all matproduksjon kan sjømat innehalde ulike miljøgifter og smittestoff, derfor er all sjømat underlagt tilsyn frå forvaltningsmyndigheiter slik at du skal få tilstrekkeleg informasjon. Vi er ikkje beskjedne her i Norge og vi har kanskje eit av verdas beste system for å overvake sjømat, med tidsserier på over 30 år. Dette er Noregs arvesølv og vi treng lange tidsseriar for å kunne seie noko om klimaendringane har noko å bety for norsk sjømat. Vi er ein av verdas største sjømatnasjonar, så det skulle berre mangle at innsatsfaktoren her er betydeleg.

Sjømaten endrar seg

Datagrunnlaget som sikrar deg trygg sjømat er det Havforskingsinstituttet som bidreg med. Vi som forskar på sjømat kvar dag er særleg opptatt av om dei store endringane i økosystema våre kan påverke sjømaten.

Kan dei etablerte overvakingssystema klare å fange opp desse raske endringane eller kan vi få oss ubehagelege overraskingar? Igjen, alt heng saman med alt og når maten til sjømaten endrar seg, vil dette mest sannsynleg også ha ein effekt på sjømatens innhald av både næringsstoff og framandstoff.