Det kjem fram i ei pressemelding frå styret i Laksens Dag.

Arrangementet er med åra blitt ein viktig del av Himmel og Hav kystfestival i Florø - i samarbeid med sildebordet og Kinaspelet.

Laksens Dag har fleire frivillige lag og organisasjoner som deltek og som mottek støtte frå arrangementet. Denne helgen er viktig både for lag og organisasjoner, for handelsstanden, samt for næringsaktører frå heile regionen, skriv styret i si melding og seier at dei har venta i det lengste med å avlyse, og hadde håpa på at restriksjonane som er iverksette på grunn av Covid-19 pandemien skulle løysast opp tilstrekkeleg for å kunne gjennomføre arrangementet.

Det gjekk altså ikkje.

- Vi har kome fram til at det vil vere umogleg å få til gode nok smitteverntiltak, og samstundes gjennomføre eit velykka arrangementet med konsertar, matservering og aktivitetar for born og vaksne. Det er ikkje med lett hjarte vi kansellerer Laksens Dag i 2020, men vi kjem sterkt tilbake i 2021, uttalar Solveig Willis på vegne av styret for Laksens Dag.