Gjestekommentar

Skrevet av Øyvind Kråkås i Havbrukspartner. Kråkås er en av våre faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, Sondre Eide i Eide Fjordbruk, Dag Sletmo i DNB Seafood, Stine Akelsen i Sjømat Norge, Aino Olaisen i Nova Sea, og Gro-Ingunn Hemre, Havforskingsinstituttet.

Noreg har ein av verdas flottaste naturar. Me har høge fjell, djupe dalar, fagre skogar, forblåste øyer og skjulte fjordperler. Da er ingen tvil at me som norske er utruleg heldige for å leva i eit slikt natureldorado.

Eit land med under 5,4 millionar innbyggarar fordelt på 385 207 kvadratkilometer. Til samanlikning har 83,1 millionar tyskarar 357 021 kvadratkilometer og Singapore sine 5,7 millionar innbyggarar 8 188 kvadratkilometer å boltre seg på. Dette gjer Noreg ein befolkningstettleik på 14 mot Singapore sine 8000 per kvadratkilometer.

Naturen er vår viktigaste ressurs

Det er eit enormt engasjement rundt da å ta vare på vår natur og naturmangfald, noko som er svært, svært viktig. Utan naturen og landskapet vårt, kva er då Noreg?

Nokre av oss er ekstra engasjert. Dei som mellom anna slost mot vindmøller på land, kjempar for å fjerne olje og gass frå norsk sokkel, og dei som synest oppdrettsanlegg både ser stygt ut samtidig som dei meiner oppdrettsfisk har ein rekke negative konsekvensar. Enkelte av oss er imot veldig mykje, noko som er både bra og sunt. For om ein ikkje hadde hatt desse røystene så hadde da til slutt vorte eit samfunn som hadde blitt svært mykje dårlegare å leve i, enn det Noreg me har i dag. Alt handlar til slutt om balanse.

Men da er lett å vere i mot da meste. Alle kan vel vere einige i at norsk olje vil bidra til å frigjera co₂ når den vert nytta, vindmøller er store og synlege for å fange vind og transformere den til energi og oppdrett av laks er matproduksjon som ikkje er usynleg og ikkje utan avtrykk.

Berekraftige løysingar

Men kva er løysinga? Me lev i ei verd der 7,5 milliardar menneske snart skal bli 10 milliardar mot 2050. Dette medfører at ein må lage meir energi og mat, der det framleis er rom for dette. Berre på matproduksjonssida vil dette krevje at ein klarer å lage 50 prosent meir mat. Når ein i tillegg skal redusere klimagassutsleppa globalt, er det ei enorm oppgåve som står ovanfor oss.

I vår bedrift jobbar me kontinuerleg med å få ned avtrykket me har og samtidig auka vår matproduksjon. Oppdrettslaks har allereie betydeleg mindre utslepp per kilo enn dei fleste andre animalske proteinkjelda.

Samstundes må me bli endå betre. I løpet av dei siste to åra har me i Eide Fjordbruk redusert klimagassavtrykket frå laksen vår med 30 prosent. Me har produsert verdas første klimanøytrale laks, og me er sertifisert som klimanøytralt selskap. Framtida handlar om å produsera meir mat, samstundes som utsleppa og naturinngrepa går ned. Dette omhandlar alt frå å utvikla ny og betre teknologi til å finna nye og betre fôrråvarer for å redusera avtrykket til fiskefôret.

Mat til verdas befolkning

Eg tenkjer at berekraft og da å ta vare på naturen i dag er viktig, men framover vert dette grunnlaget for kva næringar som får lov til å fortsette og kven som ikkje er levedyktige. Dette er noko som blant anna taksonomien til EU skal bidra til framover. Då gjeld det at me ikkje bere tilpassar oss, men ligg i forkant av utviklinga.

I Noreg er me også opptatt av solidaritet. Solidaritet med resten av verda, me har eit sterkt likskapsprinsipp. Dei fleste av oss, bryr oss om da globale bilete og er opptatt av rettferd. Me ynskje i utgangspunktet at alle skal ha dei same moglegheitene som oss og me føler oss svært privilegerte for å vere født i Noreg.

Mi utfordring til dokke som er i mot alt, er å heller vere aktivistar for endring og bidra til å finne den beste måten Noreg kan lage energi til framtidas samfunn og den beste måten Noreg kan lage mat for framtidas samfunn. Fornybare ressursar, som haustast frå naturen på ein klok og berekraftig måte er det verda treng. Da må me sjå etter løysingane, ikkje bere opponere mot alt.

Moglegheitene ligg i havet

Da er lite plass på land, me må redusera klimagassutsleppa matproduksjon har og landareal også må restaurerast. For meg er da openbert at havet med alle sine kvalitetar har ein unik posisjon til å verte verdas framtidige matproduksjonsmatfat. Berre 2 prosent av dagens kaloriar vert konsumert frå dette enorme arealet i havrommet.

Eg håpar at dykk som er i mot alt frå fornybar energi til matproduksjon i sjøen, kan fokusera på løysingar som sørgjer for at verda får meir mat og energi, men at da vert produsert på ein betre måte. For dykk har heilt rett. Noko må gjerast. Men lat oss bruke meir tid på løysingane framfor problema. Om dykk kan bruke alle dei sterke kreftene og engasjementet dykk har til å peike på da som er bra. Bra for 10 milliardar på ein planet. Då trur eg at dykk vil endra mykje til det betre, og at dykk kjem til å peike mot havet.