Gjestekommentar

Skrevet av Sondre Eide, dagleg leiar i Eide Fjordbruk.

Utdanning: Bachelor i økonomi frå BI, master i juss frå Universitet i Oslo og Master of Business Administration (MBA) i entreprenørskap og leiarskap frå Hult International Business School.

Bustad: Hålandsdalen i Fusa kommune.

Sivil status: Gift, ventar første barn i august.

Eide er ein av IntraFish sine faste gjesteskribentar.

Norsk sjømatindustri kan bli ein større del av løysinga for norsk økonomi etter pandemien. Det er opp til myndigheitene å skyte ballen som ligg på straffemerket i opent mål.

Skal me bevare, og aller helst styrke, vår posisjon som leiande sjømatnasjon, treng me rammevilkår som gjer insentiva til investeringar i ny teknologi. Dersom det skjer raskt, vil me kunne sørge for at fallet for teknologi- og leverandørindustrien blir kortare, og mindre smertefullt.

Det er positivt at Nærings- og fiskeridepartementet har varsla ekstraordinære koronatiltak for sjømatnæringa og inviterer næringa til å komme med innspel.

Sondre Eide i Eide Fjordbruk. Foto: Joar Grindheim

I ei tid med massepermitteringar og -nedleggingar på tvers av sektorar, blir viktigheita av sterk oppdrettsnæring for Noreg, desto større: ikkje berre skal me bevara arbeidsplassane og verdiane i næringa frå før krisa inntrefte, me må i tillegg utnytta høgkompetanse frå petroleums- og leverandørindustrien som ligg nede.

Rammevilkåra må vere på plass

Problemet er at dagens regulering avgrensar vekstpotensialet for oppdrettsnæringa, som også truast av tøff og aukande global konkurranse. Vidare, berekraftig vekst og optimal utnytting av Noregs naturgitte fortrinn i form av ei lang og beskytta kystlinje, krev betydelege investeringar i ny teknologi og løysningar.

Eide (og næringa elles) er klar for å levere og ta investeringane som trengst, men då må rammevilkåra vera på plass frå myndigheitenes side.

Det finst raske tiltak, som vil ha store ringverknader. Nærings- og fiskeridepartementet må raskt gå gjennom dei prosjekta som har søkt, og fått avslag, i ordninga med utviklingsløyve, for å gjennomføre ei ny vurdering av prosjekt som vil kunna ha store økonomiske ringverknadar for teknologiutvikling, leverandørindustri og berekraft.

Gryteklare prosjekt

Eit eksempel på eit gryteklart prosjekt er «Framsyn». Dette er eit komplett system som vil sette ein ny standard for framtidas havbruk. Med «Framsyn»-anlegg vil sensorar og dataprogram i sanntid gje tilgang på all nødvendig informasjon om fisk, miljø, anlegg og område. Saman med autonome anleggsteknologi vil systemet bidra til å løyse problem relatert til blant anna fiskevelferd og miljø.

Det går på alt frå å hindre rømmingar til å forhindre påslag og spreiing av lakselus. Dette vil igjen kunne tillate trygg og kraftig auke i tettheita av merdar i norske fjordar.

Prosjektet «Framsyn»

Det som står til hinder for realisering av prosjektet, er den snevre definisjonen av «produksjonsteknisk utstyr», som ikkje omfattar moderne teknologi. Dette førte til at prosjektet ikkje fekk utviklingsløyve, noko ei rekke aktørar reagerte negativt på. For å sei det enkelt er myndigheitenes vurdering tilsvarande som om ein Tesla berre er karosseriet, og ikkje datamaskina som sitte i bilen.

«Framsyn» bygger på samarbeid med 20 norske underleverandørar. Dei klokaste hova på sine område i verda. Dette er kompetanse som kan drive Noreg som sjømatnasjon vidare, i ei tid kor leverandørindustrien slite, og norsk økonomi treng drivkrefter som skapar arbeidsplassar, vekst og verdiar.

Tesla under havoverflata

Mens Elon Musk bruke sensorteknologi, kyberteknikk og kunstig intelligens til å sende rakettar opp i verdsrommet og sørge for at bilparken blir elektrifisert, skal Eide Fjordbruk ta Teslaen og putte den under havoverflata.

Ei rask godkjenning av slike prosjekt er da viktigaste enkelttiltaket Nærings- og fiskeridepartementet kan gjere for oppdrettsnæringa. Det vil bidra til å få Noreg gjennom den økonomiske nedturen som følge av pandemiutbruddet, samt legge fundamentet for ei meir robust sjømatindustri.

Tiltak som verkar

Utviklingstillatelser til prosjekt som «Framsyn» er tiltak som treffer godt, raskt og kraftfullt, og kjem heile sjømatindustrien til gode. I tillegg vil det avlasta ein hardt pressa leverandørindustri, og ein nasjonaløkonomi som har stått på skuldrene av ei fantastisk olje- og gassnæring.

Berre prosjektet «Framsyn» vil kunne skape ringvirkninger som utgjør hundrevis av arbeidsplassar, og samtidig sørge for at Noreg kan vidareutvikle sine naturgitte fortrinn som ein sjømatnasjon som produserer langs heile kysten og i fjordane våre. Samtidig som miljøutfordringane løysast, og klimaavtrykket vert heldt langt lågare enn om produksjonen flyttast til utlandet eller på land.

Raske tilsegn til prosjekt

Ved å utnytte det fulle potensialet i oppdrett vil me ikkje berre sikre levedyktigheta til ei av landets viktigaste vekstnæringar — me kan også hjelpe andre næringar i nød til å komme seg gjennom ein krevjande periode. Prosjekta me ynskjer å realisere vil krevje teknologioverføringar, kloke hover, materiell og fartøy frå blant anna petroleums- og leverandørindustri, som nå lide sterkt under oljepriskollapsen.

Ein ny gjennomgang og raske tilsegn til prosjekt i ordninga med utviklingskonsesjonar vil ikkje koste staten ei einaste krone. I ei tid kor krisepakkane blir dyrare og dyrare, burde det vere ein sjølvfølge at me fekk på plass ein gjennomgang som sikrar at prosjekt som skapar store ringverknadar og bidreg til å dempa fallet i økonomien, samtidig som berekrafta i næringa aukast, blir gjennomført.

Les også:Oppvokst på fjellgård - Laksen var aldri langt unna

Ein gyllen moglegheit

I fyrste fase av koronautbrotet er det mange næringar som har blitt treft hardare enn oppdrett. Det betyr ikkje at næringa vår er urørt. Og me veit ikkje sikkert kva dei langsiktige konsekvensane av stengde grenser, nedstengt næringsliv og karantenebestemmingar kan medføra.

Det som er sikkert, er at næringa, saman med politikarane, har ein gyllen moglegheit til å legga til rette for ei moderne, berekraftig vekstnæring i framtida. Lykkes me med dette, vil oppdrettsnæringa komme ut av koronakrisen meir konkurransedyktig og berekraftig enn nokon gong. Og andre deler av norsk næringsliv vil kunne reddast.

Les også: Framtidas havbruk må skapast no