Gjestekommentar

Skrevet av dagleg leder Sondre Eide i Eide Fjordbruk. Eide er ein av IntraFish sine faste gjesteskribentar. Dei andre er: advokat Halfdan Mellbye, ulike bidragsytere frå Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgivar i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik i Advokatfirmaet Schjødt og ulike bidragsytere frå Havforskningsinstituttet.

Dei siste vekene har Noreg vore oppteken av kommunevalet, ein viktig del av vår demokratiske prosess. Likevel, vil eg hevde at det avgjerda som no ligg føre for Regjeringa og Havbruksutvalet, vil ha endå meir langtrekkjande følgjer for framtida til havbruksnasjonen vår.

Om me designa ei miljøteknologiordning som verkeleg set fart på ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa, vil Noreg ikkje berre vere på kartet, me vil vere kartet. Me vil setje standarden som andre nasjonar må strekkje seg etter, og som forbrukarane krev. Me vil ikkje berre vere med i spelet, me vil endre og definera da.

Alle forstår at me står framfor utfordringar av ein kritisk natur. Befolkninga veks, utsleppa må ned og naturen må takast vare på. På same tid er presset på jordas landareal allereie enormt. Er da ikkje fantastisk at eit tiltak so enkelt som ei norsk miljøteknologiordning kan ha ein djupgåande positiv effekt på global skala?

For da me snakke om av mogelege, og eg vil seie sannsynlege, konsekvensar av ei konverteringsordning, der ein kan veksle inn ein open konsesjon med tre lukka? Dette er like mykje ein leksjon i effektivitet som det er i berekraft. For det første snakkar me om ei auke i produksjonen, samstundes som me løyser utfordringane i lakseoppdrett og avfallet blir gjort om til rein ressurs. Noko som rett og slett er å endre spelereglane. For da andre skaper me ei ny og differensiert verdiskaping langs heile kysten, for alle involverte. Og sist, men ikkje minst, dette er meir enn norsk ingeniørkunst; dette er ein global teknologisk utvikling.

Med rett implementering av miljøteknologiordninga posisjonerer me Noreg som ein global leiar innan havbruk og berekraftige løysingar. Det er ikkje berre disruptivt; det er overleving i ei verd der valget er å forstyrre eller forsvinne.

Det er sjølvsagt heilt nødvendig å stille miljøkrav for kva som kan definerast som «lukka». Det handlar ikkje berre om å gjere det vi allereie gjer, betre. Miljøteknologiordninga må endre spelet. Klare og tydlige krav i ordninga som stimulere til å fjerne lakselusa frå ligninga, auke fiskevelferda og effektivt ta opp slam må være insentivet, dette er nødvendig. Me må byggje eit system der desse måla ikkje berre er oppnåelige, men uunngåelige. Dette er den einaste måten me kan sikre ei framtid der både fisken og miljøet trivst. Me må tørre å endre det etablerte, for å forma framtida.

Me i Noreg er ofte ydmyke og likar ikkje å stikke hovet vårt fram. Når det gjeld da som kan bli verdas mest progressive politikk for havbruksnæringa, bør me ikkje gå stille i dørene. Dersom politikarane gjer dei rette grepa, vil Noreg kunne bidra massivt til å løysa fleire av verdas største utfordringar, samstundes som me sørgjer for ein reell grøn verdiskapingsbølgje langs heile kysten her heime.