Debattinnlegg

Skrevet av Ola Helge Hjetland, kommunikasjonsdirektør i Mowi ASA.

Mange har dei siste dagane ytra sterke meiningar om at Mattilsynet har innvilga Mowi og andre selskap dispensasjon frå kvalitetsforskrifta slik at det er mogleg å eksportere såkalla produksjonsfisk ut av landet. Ein del av skuldingane mot oss er så graverande at vi ser oss nødt til å svare.

Unormalt mykje produksjonsfisk

Mowi har hatt unormalt mykje produksjonsfisk tilgjengeleg i mars i år. I vekene 10-13 hadde vi meir enn tre gonger så mykje fisk av denne typen som vi hadde i same periode i 2019. Vi prøvde å selge denne fisken til norske aktørar, men dei klarte ikkje å ta i mot dei voluma. Vi fekk tilbakemelding frå fleire aktørar at dei hadde avgrensa kapasitet dei dagane vi måtte selge. I tillegg var det ikkje mogleg å få kredittforsikringar for fleire av aktørane grunna auka sal.

Gjennom veke 11 endte vi i ein situasjon der våre ferskvarelager i Noreg var overfylt av produksjonsfisk, og hamna i ein posisjon der vi hadde to reelle alternativ: Søke om dispensasjon eller sende maten til oppmaling. Vi valgte sjølvsagt det første.

Hage kunne ha ringt

Mowi fekk innvilga dispensasjon frå kvalitetsforskrifta 13. mars. Dispensasjon stiller krav om at fisken skal vidareforedlast ved våre eigne fabrikkar i Europa og at vi skal sende så mykje som mogleg til andre aktørar i Noreg.

Som det selskapet i Noreg som leverer mest produksjonsfisk til norske mottak, overvåker Mowi heile tida kapasiteten hos andre selskap. Etter at vi fekk innvilga dispensasjonen har om lag 65 prosent av vår produksjonsfisk blitt levert til eksterne selskap i Noreg. Resten har blitt filetert på våre fabrikkar i Noreg eller sendt til våre eigne fabrikkar i Europa der naudsynt feilretting har blitt utført.

Øystein Hage meiner Mowi opptrer kynisk og at vi «skrur av lyset i mange industribedrifter». Hadde Hage tatt seg tid til å ringe oss før han forfatta sitt innlegg, kunne han fått opplyst at vi denne månaden faktisk har sendt meir fisk til norske vidareforedlarar enn vi gjorde på same tid i fjor. Dette fordi voluma har vert unormalt store.

Han kunne også fått vite at vi ikkje har bedt om noko meir enn ein midlertidig dispensasjon. Når denne perioden er over, vil vi sende all vår produksjonsfisk til norske aktørar som normalt.

Det einaste moralske riktige

For to veker sidan stod vi i ein akutt situasjon der vårt mål var å unngå at menneskemat måtte bli omgjort til dyrefôr. Vi meiner vi gjorde det einaste moralsk riktige i den situasjonen vi og resten av verda står i no. Det håper eg inderleg Hage og andre som har ytra seg negativt om vårt val eigentleg seier seg samd i.

Les også: