Norsk havbruk har blitt ein suksess. Ein suksess som heile verda vil lære av og er misunnelege på. Vetle Norge med innbyggartal som er halvparten av London by. Eit industrieventyr. Det har ikkje kome gratis, hardt arbeid av flinke folk langs kysten og fornuftig regulering har skapt verdas fremste havbruksnasjon. Og om ein skal tru næringa, politikare og finansverda er det berre starten. Framtida treng meir mat med mindre avtrykk.

Statsråden har gått langt i å varsle at ei ordning vert presentert før jul. Da er gode nyheiter i ei usikker og utfordrande tid. Gjort på riktig måte vil ei slik ordning være med å sette fart på norsk oppdrettsnæring inn i framtida. Teknologien er under utvikling og saman kan norsk lakseoppdrettet, ny teknologi, levende kystsamfunn og norsk gründerånd gje verden meir berekraftig mat, samstundes som me kan redusere og løyse utfordringane me lus, rømming samt avfallsresursar i dei norske fjordane.

Verda rundt oss står ikkje stille

Noreg er ikkje ei einsleg øy i verda som driv fiskeoppdrett aleine. Me er i konstant konkurranse med Chile, Skottland, Canada, og ei rekke andre land. Chile var seinast denne veka ute å proklamerte at utanlandske investeringar var velkomne dit, ettersom Noreg hadde varsla innføring av eit nytt knallhardt skatteregime. Dette vise at me ikkje kan tru at verda rundt oss står stille. Ein viktig sak for Norge framover vil difor være ei miljøteknologiordning som verkeleg set fart på transformasjonen i næringa. Ordninga må være treffsikker, og følgjes opp me andre verkemiddel som gjer at Norges fortsett kan være med å kjempe om den gule leiartrøya i den globale sjømatkampen.

Alle i Noreg veit at våre fortrinn ligg i fjordane. Reint vatn, god infrastruktur og stabile sosiale forhold, gjer at vi kan produsere mykje meir berekraftig mat til verdas voksande befolkning, berre me løyse utfordringane. Løysingane er i støypeskeia under utvikling og no kjem forhåpentlegvis politikken med rammevilkår som gjer at me kan satsa og starte transformasjonen av næringa.

Klokt med objektive kriteriar

Det vil vere viktig at miljøteknologiordninga følgjes opp me incentiv som gjev utviklings styrke og tempo.

Det vil vere klokt om det etablerast objektive kriteria for miljø, avfall, fiskevelferd og andre parameter, med eit kontrollregime som sørgjer for at gode løysingar som vinn frem. Avgifter og incentiv med lukka teknologi i fjordane, må likestillast med lukka anlegg på land. Det betyr at desse anlegga ikkje bør ileggas grunnrenteskatt, samtidig som dei ikkje kan vere ein del av dei ordinære auksjonsrundane.

Det nytte ikkje å rekne heim lukka anlegg i fjordane, dersom me ska konkurrere mot ordinære lokasjonar som har ein langt lågare investerings- og driftskostnad. Det siste som bør kome på plass er ei konverteringsordning som gjer at ein kan veksle inn tradisjonelle konsesjonar med eit større volum av lukka konsesjonar. Dersom desse verkemidla nytast, vil me kunne få ein transformasjon av norsk oppdrettsnæring, som kan vere med å løyse utfordringane me har i fjordane. Sagt på ein anna måte videreutvikle verdien og moglegheitene som er i fjordane, altså i Noreg.

Ei rekke miljøorganisasjonar har teke til orde for desse løysingane. Difor har eg forventningar til miljøteknologiordninga som er rett rundt hjørne. Ei treffsikker ordning, støtta av dei riktige incentiva, vil bety mykje for Noregs moglegheiter til å styrkje rolla som den leiande sjømatnasjonen. Tida er inne for incentiv for lukka anlegg i fjordane, og det må kome no, for verda rundt oss står klar til å ta frå oss både kloke hovud, teknologi og investeringar dersom me ikkje følger med i timen.