Sats på visningsanlegga

Når styresmaktene skal gå gjennom heile konsesjonssystemet for oppdrett av laks, lever visningsanlegga farleg.

Bjørøya har et visningsanlegg i Flatanger kommune.
Bjørøya har et visningsanlegg i Flatanger kommune.Illustrasjonsfoto: Stian Holmen Lein

Heilt sidan innføringa har denne typen løyve blitt handsama som noko litt suspekt, og no kan det strame seg ytterlegare til. Men samstundes har næringa bruk for desse ambassadørane til å sikre openheit, kunnskapsdeling og rekruttering.

La meg berre seie det som det er; visningskonsesjonane har ofte blitt skulda for å vere ei tilsniking av produksjonsvolum. Ein betalar ikkje noko for løyvet, som blir tildelt skjønnsmessig etter ein søknad med få konkrete krav. Løyvet skal finansiere visningstilbodet, ein moglegheit for publikum til å vitje eit oppdrettsanlegg og få kunnskap om korleis laksen blir produsert.