Svarinnlegg

Skrevet av stortingsrepresentant (H) og fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson i Høgre, Olve Grotle.

Norsk havbruk er verdsleiande. Næringa produserer god og sunn mat, bidrar med enorme eksportinntekter, og dessutan bidrar med store beløp i statskassa vår. Forutan vanlege skattar og avgifter, har havbruket i lang tid betalt grunnrenteskatt i form av kjøp av oppdrettskonsesjonar og produksjonsavgift.

Havbruksnæringa er òg ein distriktspolitisk enorm suksess. Næringa gir kapital, aktivitet og arbeidsplassar til lokalsamfunn langs heile kysten, og er berebjelken i mange lokalsamfunn.

Det er i denne situasjonen Senterpartiet har gått bort løfta sine om at havbruket skulle få gode, stabile og føreseielege rammevilkår. For stikk i strid med garantiar frå Senterpartiet, innfører regjeringa nå ein lakseskatt som, i lag med andre relevante skattane, vil føre til at 8 av 10 kroner av overskotet vil gå til skatt. Det er eit skattetrykk som ikkje noko næringsliv i sentrale strøk av landet er i nærleiken av å ha, og det ligg langt over dei landa havbruksnasjonen Norge skal konkurrere med.

Ein høg særskatt på havbruksnæringa

Forutan eit svært høgt skattepress, er regjeringa òg i ferd med å innføre ein skattemodell med store og uavklarte utfordringar og uheldige sider. Skatteforslaget passar f.eks. ikkje inn i ei vertikal integrert næring, og dette – saman med eit nytt todelt skattesystem (botnfrådrag) for havbruksnæringa – vil dessutan gi sterkt stimulans til skattemotiverte tilpassingar, mindre rasjonelle og kostnadseffektive strukturar, og store offentleg kontrollbehov og byråkrati.

I eit innlegg i Intrafish prøver Sp-representant Geir Pollestad å grunngi lakseskatten. Det endar opp med ei serie med sjølvmotseiingar og bortforklaringar;

Senterpartiet innfører nå ein høg særskatt på havbruksnæringa til store protestar frå denne, samtidig som partiet nå hevdar at dette er eit «Ja til norsk lakseoppdrett: Vi ønsker vidare vekst og utvikling i næringa».

Senterpartiet hylla for kort tid sidan produksjonsavgiftsordninga. Nå blir den kritisert fordi den ikkje er avhengig av overskot (noko den kan vere), samtidig som Senterpartiet i regjering har dobla formuesskatten.

Senterpartiet grunngir lakseskatten med eit ønskje om at vertskommunane skal få meir pengar i kommunekassa, samtidig som lokalsamfunn, kommunar og ordførarar langs heile kysten ikkje vil ha skatten.

Senterpartiet grunngi nå lakseskatten med krigen i Ukraina og den økonomiske situasjonen i landet vårt, samtidig som statsminister Jonas Gahr Støre på Stortingets talarstol har understreka at det ikkje er grunngivinga, men tvert om eit generelt ønskje om meir skatt frå næringa i åra framover.

Høgre har lytta til havbruksnæringa

Som kjent har Senterpartiet lagt seg ut med heile kysten og havbruksnæringa. Nå ser strategien ut til å vere å sette havbruksselskapa opp mot kvarandre, slik stortingsrepresentant Geir Pollestad òg nyleg gjorde i E24, kor han «frykta» at Høgre ved å ville greie ut produksjonsavgifta berre sprang dei store selskap sitt ærend.

I innlegget i Intrafish prøver Pollestad vidare å skape eit feilaktig inntrykk av at ein produksjons-modell ikkje kan tilpassast ønskjelege interesser, for eksempel at den blir gjort meir inntektsavhengig.

Det Høgre har gjort er å ta ei samla havbruksnæring på alvor, og lytta til dei svært mange høyringsinnspela som har kome i saka. Det burde Senterpartiet òg ha gjort.

Høgre meiner at havbruksnæringa kan bidra meir, men vi meiner at regjeringa sin lakseskatt-modell legg store avgrensingar på investeringar, vekst og utvikling i ei næringa kor Norge framleis skal vere verdsleiande. Høgre kan ikkje støtte lakseskatt-forslaget til regjeringa, og vi opptatt av å få greidd ut andre modellar, mellom anna ein tilpassa variant av den modellen dei har på Færøyane.