Gjestekommentar

Skrevet av forsker Hilde Elise Heldal ved Havforskningsinstituttet. HI er en av IntraFish sine faste bidragsytere. De andre er: Aino Olaisen i Nova Sea, Halfdan Mellbye i Sands advokatfirma, Stine Akselsen i Sjømat Noreg, Dag Sletmo i DNB, Øyvind Kråkås i Havbrukspartner, Sondre Eide i Eide Fjordbruk og Camilla Solheim Nore i Youngfish.

Digitalisering, som det så fint heite, representerer den fjerde industrielle revolusjonen. Den utviklar seg konstant globalt. Datamaskiner og robotar gjer verda smartare og meir effektiv sjølv når me søv. Matproduksjon i sjø er ingen unntak og det er utan tvil enorme moglegheiter for automatisering, prediksjonsbaseert drift og auka effektivisering. Likevel er det menneskja på merdkanten og ikkje datamaskiner som er den viktigaste delen av revolusjonen, noko som må bli prioritert.

Motivasjon

Som tidlegare skiskyttar kjenner eg viktigheita av klare mål og den viktige følinga av målsemje. Det å presse ned kilometertidene på løpeintervallene, senke tida på skytebana inn mot ny sesong og kjenne at forma kjem, gjer at ein føler seg motivert og svolten til å nå hovudmåla for sesongen. Når ein då går meisterskapa ein har sikta seg inn mot veit ein kva nivå ein er på og ein er motivert til å yte, dette sørger over tid for at resultata kjem.

Akkurat det same ser ein i oppdrettsnæringa. Har ein klare mål på utfôring, dødelegheit og kvalitet vert ein på merdkanten meir motivert til å drive fram gode resultat gjennom langsiktig og målretta arbeid, kvar einaste dag. Når ein kvar dag kan vere med å påverke å jobbe for å auke fôringa frå dagen før eller slå forgje utsett vert ting meir motiverande. Sjølv om det er nord vest stiv kuling og ein fryse seg forderva, eller sønnavind og ustoppeleg vestlandsregn vert ting meir motiverande med mål ein sjølv kan påverke.

Teknologi og moglegheiter

Digitalisering og automatisering kan vere nye og effektive våpen til å auke resultata i oppdrettsnæringa. Her kan kvar og ein på merdkanten følgje med på fleire detaljar, optimalisere på «Ole Einar Bjørndalen-nivå» samt hjelpe til å predikere tallause parameter for å nå potensialet til kvar fisk. Det er klart at dette kan drive produksjonen og berekrafta i vår næring til nye nivå. Men kva skjer med motivasjonen når det vert enklare, har ein eigentleg bruk for folk på merdkanten, kan ein ikkje berre fjernstyre all drift frå eit «hovudkontor» med datamaskiner og kunstig intelligens.

Svaret er såre enkelt. Ein kan klare seg utan teknologi, men ein kan ikkje klare seg utan dyktige folk på merdkanten. Ein har ikkje sjanse utan motiverte og dedikerte menneske nær fisken. Det verste eg høyre er mål om kor mange folk digitalisering kan erstatta i produksjonen eller kor mange anlegg ein person kan fôre frå eit rom. For å bli betre må ein lønsamt auka produksjonen, ha lågare dødelegheit og auka berekrafta. I dette arbeidet kan digitalisering vere eit utruleg kraftig middel men det er dødfødt utan at drivkrafta i dette ligg på merdkanten hos fagfolka som kjenner fisken.

Verdien av data

Ein har ikkje sjanse utan motiverte og dedikerte menneske nær fisken, skriv Sondre Eide i sin ferskaste gjestekommentar. Her eit glimt frå lokaliteten Hågardsneset. Foto: Arkivfoto Eivind Senneset

Datagrunnlag og analysar er i dag basert på mykje manuelle data. Enten det er dødfiskklassifisering, kvalitetsvurdering eller sjekklister, er dei som regel skjønnsbasert i forhold til loggføring. Er inndata feil eller mangelfull, vil ein kunne evaluere seg i hel med predikasjonar, analysar eller kunstig intelligens. Det vil ikkje komme noko anna enn følgefeil og magesår ut av dette.

I tillegg skjer dei fleste operasjonar i all slags vær, med mange manuelle variablar og val. For å takle dette krevjast det handlekraft, kunnskap og motivasjon til å gjennomføre på ein best mogleg måte for fisk og personell. Her er forståinga av heile produksjonssyklusen avgjerande for å motivert utføre arbeidet optimalt. Unødvendig stress hos fisken kan påverke produksjonen i lang tid etter den aktuelle operasjonen, og då lyt ein fokusere på sluttresultatet og ikkje den enkelte operasjonen.

Etter kvart vil fleire manuelle data bli erstatta av kamerasyn, nye sensorar og auka grad av automasjon, men det vil alltid vere ein grensedraging kor erfaring, nærleik, forståing av fisk og geografisk lokalitet vil spele saman for totalresultatet. Eit kamera er noko anna en det å fysisk kjenne på ein laks under luseteljing, sensorfôring er ikkje det same som å gå rundt merdkanten å høyre pelleten blåsast ut av fôringsanlegget mens du ser det koker. For å bringe realiteten nærmare digitaliteten må dei som har desse produksjonskjenslene i felt vere fremst i rekkja når ein skal tilpasse automasjon og sensorikk for framtidas havbruk. Ein er avhengig av dette for å luke ut feilkjelder og feilautomasjon så hurtig og rasjonelt som mogleg, samt at ein løyser dei faktiske utfordringane og ikkje finanstrendane.

Samspel og framtid

Kombinasjonen av konstant tilgang på sensordata, predikasjonar eller automatisering er eit mektig våpen. Men utan motiverte og kunnskapsrike menneske nær fisken vil sjølv den beste predikasjon eller datakjelde bere vere ei datakjelde og ikkje noko meir. Om ein kombinerer kunnskap med faktabasert data vil det ikkje berre føre til ei betre handling over tid. Men menneskja på merdkanten vil få superkrefter som igjen vil auke produksjonen, minke dødelegheita og auke berekrafta.

Digitalisering handlar i stor grad om å oppfatte ting hurtigare enn før, enten det gjeld sjukdom eller farlege situasjonar for fisk og anlegg. Då treng ein erfaring på merdkanten til å agere og utvikle. På sikt trur eg teknologi, digitalisering og automatisering vil bety mykje for oppdrettsnæringa. Samstundes er det openbert for meg at dei menneskelege aspekta aldri kan erstattast fullt ut av datamaskiner. Det er i samspelet mellom teknologi, kompetanse, erfaring og drivkraft frå fagfolk i elementet at framtida ligg. Dei som beherskar dette samspelet best vil vere framtidas produksjonsheltar.

Eide Fjordbruk skal vere førande i den teknologiske utviklinga, derfor er eg stolt øve å ha dei beste fagfolka på merdkanten. Saman blir det ein uslåeleg kombinasjon, som vil sørge for ei berekraftig, moderne og framtidsretta utvikling.