Førre veke var eg på jakt. Saman med fleire tusen. I to dagar sette vi plastproblematikken på dagsorden i Hardanger. Primus motor og heidersmann frå Rein Hardangerfjord, Kenneth Bruvik, fekk fyrste gong folk med seg i fjor. For å sitere kva eigar i Lingalaks, Erlend Haugarvoll, sa då han vart utforda: «me berre gjer det». I år tok også eg på meg hanskane. Sjølvsagt må vi rydde opp.

I løpet av nesten fire timar denne fredags føremiddagen samla eg nesten 100 kilo plast. I ei lita bukt i Ølve, på nordsida av Hardangerfjorden, Kvinnherad kommune. For meg vart dette mildt sagt ei oppvekking. Sjølv om eg har samla plast på strender på Sunnmøre og vore bevisst på problematikken i fleire tiår, vart eg skremd. Eg tenkte at det umogeleg kunne vere så ille langt inne i ein fjord? Her hadde eg samla drit frå mangt og mykje etter storstormar på Vestlandet. Ei lita bukt, utanfor allfarveg, langt unna strender og havet? Lag på lag. Små og mellomstore bitar. Alt mogeleg avfall som låg der det ikkje skulle vere og hindra røter, busker og dyreliv. Det som gjorde verst, var at mykje av det som låg der var heilt klart frå både fiskeri- og havbruksrelatert verksemd.

Frå seminaret som var i forkant av årets aksjon. Primus motor i Rein Hardangerfjord, Kenneth Bruvik, vekker salen og fikk alle 11 havbruksselskapene i Hardanger med seg på laget. Neste år vil han engasjere alle rundt Sognefjorden. Foto: Norges Fiskarlag/Jan Erik Indrestrand

I alt for mange år har plast vore ei utfordring for oss som driv i havet. La meg ta eit svært relevant bilete. Eg hugsa då eg som 19-åring var på sjøen eit stykke sør for Færøyane. Eg stod framme i luka og drog line. Eit spegelblankt hav. Godt fiske. Eg ser så at stuerten opnar kuauge. Ut av luka kastar han fleire posar søppel. Eg legg merke til ei ketchup flaske som ser noko spesiell ut. Eg roper bakover og spør: Kva i all verda gjer du? Han svarer, slapp av Øyvind. Dette rotnar i havet. Nokre veker seinare, då eg går tur fjørelangs på mi heim øy, særs nøgd med tjukk lommebok, får eg meg nok ei oppvakning. Heilt lik ketchupflaske ligg på mi favorittstrand. Dette var i 1995. Hadde eg vore litt meir opplyst den gongen, hadde eg starta lokallag i Natur og Ungdom.

Vi som lev av havet har slurva. Vi har ikkje vore på vakt. Verken fiskarar, fiskeindustri eller havbrukarar har vore klar over kor stort vi har synda. Provet ser du verkeleg, om du tek på deg hanskane. Teiner, fiskereiskap, kapp frå tau, fôrrøyr og mykje meir. Det er inga tvil om at vi har sett for store spor etter vår bruk. Sjølvsagt ligg det og mykje anna der, frå mange andre næringar. (f.eks. eg er sikker på eg samla fleire hundre små biofilter som kjem frå kommunale reinseanlegg) Våre spor er likevel for store. Difor er det og vårt ansvar å rydde opp.

Eg blir difor særs glad når eg ser den iver og vilje som er i sjømatnæringa om dagen. I Hardangerfjorden stilte vi breitt. Norges Fiskarlag, Fiskebåt, Pelagisk Forening, Norges Sildesalgslag, Sjømatbedriftene, Norsk Villfisk, FHF og Norges Sjømatråd. Alle har vi eit ansvar. Alle skal vi rydde opp. Dette gjorde vi for andre året på rad. Det har og vore særs flott å sjå kor langt ein er kome på opprydding i våre medlemsselskap langs kysten. Mange av selskapa har vore svært aktive siste åra. Det er særs flott å registera. I Hardangerfjorden var alle 11 havbruksselskap i aksjon.

Skribenten i aksjon saman med Salt, Hold Norge Rent og Sjømatrådet. Foto: Norges Fiskarlag/Jan Erik Indrestrand

Det nyttar nemleg å rydde opp. Fersk forsking frå Norce viser at det er betyr svært mykje for biomangfaldet om ein tek ut plasten som ligg i slike område. Norce er tydelege på at jamleg og systematisk rydding av kysten vil effektivt førebygge miljøskadar som er forårsaka av marin plast. Difor er det og vår plikt. Vi har stogga å kaste søppel på havet, vi har nok og nokre steg å ta for å forhindre at ting kjem på avvegar. Det lettaste tiltaket vi uansett kan gjere, er å ta på hanskane. Her og no. Kom deg ut og rydd.