Gjestekommentar

Skrevet av dagleg leder Sondre Eide i Eide Fjordbruk. Eide er ein av IntraFish sine faste gjesteskribentar. Dei andre er: advokat Halfdan Mellbye, ulike bidragsytere frå Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgivar i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik i Advokatfirmaet Schjødt og ulike bidragsytere frå Havforskningsinstituttet.

Då er innrettinga av miljøteknologiordninga vårt fremste våpen i den globale kampen om framtidas sjømatproduksjon.

Ein særnorsk grunnrenteskatt på 25 % gjer at rammevilkåra i Noreg for lakseoppdrett er svært mykje dårlegare enn i konkurrerande land. Alt anna likt, så vil dette sjølvsagt bidra til at investeringar i lukka teknologiar gjer mykje betre avkastning i andre land. Den viktigaste nyheita som kom torsdag er difor signala om ei ny miljøteknologiordning i løpet av året.

Ei miljøteknologiordning som rettast inn på ein måte som gjer det mogleg å konvertere opne merdar til lukka med ei omrekning frå ein til tre, vil bidra til ei positiv omstilling til det beste for miljø og verdiskaping i Noreg. Særleg viktig vil dette sjølvsagt vere i dei raude områda i trafikklyssystemet, kor utfordringane er nærast.

Ei slik ordning vil bidra til at investeringar og innovasjonar i ny teknologi vil vere like smart å gjere, som det var å skifta frå fossilbilar til elbilar når me innførte subsidiane for køyretøy. Det er rart med det, men politikk verkar faktisk.

Det er samstundes viktig at ei konverteringsordning har tydelege kriteria for kva som er lukka produksjon, og kva miljøfaktorar som må liggje til grunn.

Teknologinøytralitet må leggjast til grunn basert på indikatorar, og ikkje på om produksjonen skjer på land eller i sjø. Lukka teknologi må sjølvsagt basere seg på pumpeteknologi og fysisk skilje mellom indre og ytre miljø som sørgjer positiv miljøpåverknad i hava rundt og partikulært slam som samlast opp til sirkulært bruk.

Det me no har vore med på er ei utlikning på overtid for teknologiutvikling, og kampen går vidare til ekstraomgangar. Me må ikkje tru at motstandarane våre ikkje er klare til kamp. Eg har sagt det før, men etter at eg har vore litt rundt om i morgondagens havbruksland. Det er eit ofseleg driv der ute etter å leggje forholda til rette for ny berekraftig oppdrettsteknologi.

Verda vil ha betydeleg meir berekraftige protein og den treng ny teknologi for å klare det.

Myndigheiter andre stadar ser at dei må agere for å at aktørar skal utvikle, innovere og investere i nye produksjonsformer, slik at verdiskaping skjer, samtidig som miljøutfordringar løysast til fordel for industri, land og natur. Nyheita om miljøteknologiordning i Stortinget bidreg til at me fortsett har sjansen til å henge med. Men då må ordninga kome i år, og den må vere dønn treffsikker og seriøs.

Torsdagens einigheit rundt miljøteknologiordninga er eit viktig skritt i riktig retning, men det er mykje som står att før vi kan slå fast at dette vil bidra til stor berekraftig omstilling av norsk oppdrettsnæring. Skatten er fortsett ein hemsko for investeringar og innovasjon i moderne teknologi, so innretninga på ordningane blir derfor avgjerande viktig for å sikre konkurransekrafta for norsk havbruk, i sterk konkurranse med andre land som ikkje har grunnrente og myndigheiter insentiverer. Dette er uansett eit viktig skritt på ein bratt og kronglet sti som før var ein motorveg.