Gjestekommentar

Skrevet av styreleder i Salmar Aker Ocean,, Atle Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, oppdretter Sondre Eide, ulike bidragsytere fra Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgiver i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund og ulike bidragsytere fra Havforskningsinstituttet.

Da at eit lite land som Noreg har vore leiande på område både innan energi, sjømat og shipping er nesten naturstridig. Me har hatt flaks med da naturen har gitt oss. Samstundes har me vore flinke til å utnytte moglegheitene. Men me kan ikkje kvile, for resten av verda har ikkje liggje på latsida.

Regjeringa har i plattforma si mange gode og ambisiøse mål for norsk sjømatproduksjon, som er fullt mogleg å nå. Me kan auke eksportinntektene, foredlinga og verdiskapinga her heime. Dei har og heilt rett i at det må gjerast på ein berekraftig og moderne måte, som ikkje øydelegg naturen til dei som kjem etter oss. Då trengst det meir enn fine ord i ei plattform, det trengst konkrete tiltak, og dei må kome raskt.

Store resultat i små samfunn

Det er i dei små lokalsamfunna me kan skape dei store resultata. Eit mangfald av små og store aktørar bidreg til raskare teknologiutvikling og innovasjon, slik at me kan løyse utfordringane næringa står ovanfor, og ikkje minst utvikle dei løysingane som gjer at me kan vere verdas viktigaste sjømatnasjon. Kvar einaste dag kjempar me mot resten av verda, og me har dei naturgitte fortrinna me har. Men dei vare ikkje evig, me må utvikle oss og sørgje for at me er endå betre neste år enn kva me var i år.

Rosenborg var vanvitig gode på 90-talet. Dei slo mellom andre Milan, Dortmund og Chelsea. Eg er ikkje fotballekspert, men resultata tyder på at dei ikkje klarte å følgje med i utviklinga. Da Bodø/Glimt no har gjort dei siste åra, krona med siger mot sjølvaste Roma, er imponerande, og eg håpar dei lukkast med vidareutviklinga av laget i åra som kjem, sånn at dei kan ta endå fleire steg internasjonalt. Det er på mange måtar den same konkurransen norske sjømatprodusentar kjempar. Mot land som er mykje større enn oss sjølve. Aktørar som har større ressursar, billigare arbeidskraft, store statlege støttemidlar, og som er mykje nærare dei store marknadene. Då lyt me vere smartare, betre og meir berekraftige.

Me må premiere dei som satsar på teknologi

Utviklinga går raskt. Det er ikkje mange år sidan me faktisk gjekk på treski. Endå færre år er da sidan klappskøytane vart innførte, eller at Noreg satsa på fleire og betre innandørs fotballbaner, slik at me kunne konkurrere mot verda.

Ska me konkurrera mot verda på sjømat i framtida må me henge med i utviklinga, og me treng at politikarane følgjer opp intensjonane i regjeringsplattforma raskt. Me treng incentiva for å satse på lokal sjømatproduksjon, basert på dei naturgitte fortrinna fjordane og havet gjev oss. Me må premiere dei som satsar på teknologi som gjer da mogleg å auke matproduksjonen i hav og fjordar. Lener me oss på landbaserte anlegg, vil da gje frå oss våre naturgitte fortrinn, samstundes som me øydelegg enorme landareal i strandsona langs kysten. Da er ikkje rasjonelt å gjere detta, når me veit at teknologien for lukka og semi-lukka anlegg i open sjø løyser dei same utfordringane. Da einaste som manglar er at politikken held same tempo som teknologiutviklinga.

Da er dessverre mange andre land som har eit høgt tempo og kanskje ligg føre oss når det gjeld å leggje til rette for framtidas sjømatproduksjon. Det gjer at norske aktørar har begynt å sjå seg om etter andre land for investeringar og satsingar. Da er synd. Glimt vil helst spele kampane sine på Aspmyra, eg vil også spele kampane på heimebane. Det krev at bana me spelar på her heime er like god som dei andre globale arenaene. Dei andre fiskerilanda er i ferd med å byggje veldig attraktive «heimebaner». Da må også regjeringa og Stortinget gjere.

Noreg har alle moglegheitene i verda til å gjere som Bodø/Glimt

Eg likar retninga og ambisjonane for norsk sjømat som ligg i regjeringsplattforma. Me må vere best i verda på berekraft, og me må satse på dei små lokale aktørane som raskt kan snu seg rundt for å innovere, forske og utvikle dei nye løysingane. Noreg har alle moglegheitene i verda til å gjere som Bodø/Glimt, og slå dei store Goliatane som er i ferd med å ete og vekse seg store andre stader. Men me kan ikkje leggje oss i forsvar og tru at me skal vinne, då går det som i Rotterdam. Me lyt brette opp ermane på merdkantane langs kysten, og i regjeringa og Stortinget. Saman kan Noreg bidra til at verda får sunn og berekraftig mat, samstundes som klimaavtrykk og naturinngrep blir redusert.

Det har vore typisk norsk å vere god, også på sjømatproduksjon. Men i ei verd med stadig meir konkurranse som krev hurtigare og hurtigare omstilling, må det også bli typisk norsk å vere god på innovasjon, forsking og utvikling. Ingenting vil glede meg meir enn om statsministeren i ein nyttårstale i 2025 nok ein gong kan seie at det er typisk norsk å vere god — på sjømat. Men da kjem ikkje av seg sjølv.

(Ved en inkurie ble denne gjestekommentaren publisert onsdag ettermiddag med feil bylinenavn. Gjstekommentaren er defintivt skrevet av vår faste gjesteskribent Sondre Eide. IntraFish beklager feilen, red.anm).