Gjestekommentar

Skrevet av Øyvind André Haram i Sjømat Norge. Organisasjonen er ein av Intrafish sine faste gjesteskribentar. De øvrige er: økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik - advokatfullmektig i Schjødt, Dag Sletmo – seniorrådgiver i DNB Seafood,oppdretter Sondre Eide, Nina Santi, seniorrådgiver i Inaq og Erlend Bullvåg, administrerende direktør i Kunnskapsparken Bodø.

Han sukka i telefonen og var oppgitt. Leverandøren på Vestlandet har dei siste åra skapt 10 arbeidsplassar i eit lokalsamfunn. «Eg får i alle fall ikkje til fleire, om eg skal leve av havbruk framover».

I mine 12 år på kommunikasjon i Sjømat Norge set eg svært stor pris på å løfte røret og ta ein prat med mange av dei kreative sjelene langs kysten. Unge og gamle, engasjerte og taleføre. Den unge gründeren eg snakka med sist veke, ringer og ofte for å fortelje kva som skjer. Telefonsamtalen vi nyleg hadde, var svært lite oppløftande. For fyrste gong sidan vi vart kjend var han verkeleg oppgitt og irritert. «Øyvind, dei seier det er tid for hente meir til fellesskapet, korleis skal eg klare det, når ingen lenger vil investere?»

Sjokkdagen

Eg har tenkt ein god del på telefonsamtalen i det siste. I min jobb i Sjømat Norge har det vore hektiske dagar som følgje av sjokkdagen 28.september. Mykje av søkelyset har gått til havbruksselskapa, og det er ingen tvil om at forslaget som ligg på bordet kjem til å gjere kvardagen deira svært utfordrande.

Målet mitt med det eg her skriv, er meir merksemd på gründeren og resten av hans kollegar innan teknologi og service til havbruk. Den såkalla leverandørindustrien har opplevd ei sterk utvikling dei siste 10 åra, med ei omsetning i 2021 på ca. 65 milliardar kroner. I stadig aukande grad har mange selskap kunne lent seg på havbruksnæringa og skapt eit levebrød. Tenk berre alt som har vore skapt innan havbruk, vidareforedling, brønnbåt, produksjon enten på land eller i sjø. Elektronikk, rør, sveising, dykketenester, produksjon av nøter, teknologi, data. Eg kunne haldt fram og skreve ei heil side av ulike tenester. Utfordringa deira no, er derimot at et er dei som vert hardast råka.

Fekk bråstopp

Gründeren eg nemner er på langt nær den einaste. Vi har høyrd ei rekkje historier her i Intrafish og i andre media. Leverandørindustrien slit. Dei opplev ein bråstopp. Det er ikkje lenger satsing slik det har vore. Årsak? Utan tvil forslaget om grunnrente. Her i Sjømat Norge har vi vist til at investeringar for over 35 milliardar (!) er satt på hald som følgje av herr Vedum og herr Støre sin skatteiver. Det eg då ikkje forstår er retorikken frå politikarane? Korleis kan ein seie at ein skal hente meir til fellesskapet, når ein samtidig struper kvardagen til dei små bedriftene som nettopp har sikra tilflytting, nye arbeidsplassar og gode skatteinntekter til kommunane?

Eit anna perspektiv i debatten er grøn utvikling og berekraft. Desse selskapa har dei siste åra vore med å utvikla den teknologien havbruk i Noreg er avhengig av for å kunne takle det grøne skiftet. Det er alt mogeleg frå nye typer merder, til pumpesystem, båtar og f.eks. elektriske løysingar. Slik utvikling er vi framleis svært avhengige av. Korleis skal vi klare å nå måla om meir berekraft, dersom utviklinga tek heilt stopp?

Må lese mykje

Senterpartiet skal om nokre veker halde sitt landsmøte. For å vere presis er datoen 17.-19. mars. Her i Trondheim. Om vi tel dagar frå høyringsfristen gjekk ut, til Vedum går på talarstolen i mars, er det 72 dagar. Med andre ord, vår finansminister må lese 195 sider kvar dag i denne perioden om han skal rekke å gå igjennom alle dei 14.000 sidene som er kome inn. Her vil han tydeleg sjå innspela frå til dømes Hordaland Rørservice, CFlow eller Fiizk.

For å sitere ein av dei: «Innføres grunnrenteskatten, må vi snu. Da bygger vi havbruk i verden og ikke i Norge». Det kan ikkje ha vore meininga frå Regjeringa.