Kommentar
  • Denne kommentaren er skrevet av Ingrid A. Johnsen og Maris S. Myksvoll
  • De er forskere ved Havforskningsinstituttet

Fjordane våre har mange brukerar. I tillegg til naturlege brukarar, inkludert heile økosystemet frå plankton til fisk og pattedyr, bruker vi menneske fjordane til fleire føremål. Dei seinare tiåra åra her akvakultur gradvis auka i omfang, og ei vesentleg del av drifta førekjem inne i fjordane. Heile matproduksjonen frå akvakultur er regulert og vert evaluert etter påvirkninga på miljøet. Ei av miljøforholda som vert overvaka er oksygenforholda nær botnen.

Mindre oksygen i varmt vatn, men lite forskning på fjordar

I verdshava er det gjennomført fleire store studier som undersøker korleis oksygeninnhaldet vert påverka av dei globale klimaendringane. Varmare vatn heldt mindre oksygen enn kaldt vatn, og ei oppvarming vil difor redusere oksygeninnhaldet. Samtidig blir overflatevatnet oppvarma meir enn djupvatnet. Dette auker stabiliteten til vatnet, reduserer den vertikale omrøringa i vatnet, noko som gjer at vatnet blir sterkare lagdelt, og det oksygenrike vatnet nær overflata vil i mindre grad bli blanda ned i djupet. Kva for konsekvensar oppvarming vil ha i fjordane våre er uvisst, men det er grunn til å tru at oppvarminga vil påvirke fleire mekanismar.

Terskelfjordar

Mange norske fjordar har ein terskel, et område med grunt vatn nær munninga, som fysisk hindrer vassutskifting mellom fjordbassenget og havet utanfor. Utskiftinga skjer episodevis når tungt djupvatn ved kysten vert løfta opp og over terskelen. Dersom vatnet er tyngre enn vatnet inne i fjordbassenget, vil det trenge ned i fjorden og bytte ut vatnet. Vatnet i fjordbassenget kan bli bytta ut heilt eller delvis. Det nye vatnet som vert tilført har som regel høgt oksygeninnhald, og gjev gode vilkår for livet i fjorden.

Ettersom organismane som lever inne i fjorden bruker oksygen vil oksygeninnhaldet i vatnet inne i fjorden gradvis reduserast mellom utskiftingsepisodane. Nedbrytinga av organisk materiale frå akvakultur er ei av mange prosesser som krev oksygen. Det er lett å måle oksygeninnhaldet i vatnet, men det er vanskeleg å vurdere kva prosesser som har bruka oksygenet i ulik grad.

Alle fjordar er unike

Alle fjordar er unike, og har utskifting på ulik tidsskala. Kor ofte vatnet vert skifta ut er ikkje berre avhengig av forholda på kysten, men også av blandingsprosessar inne i fjorden. Våre norske fjordar har ofte stor stabilitet, spesielt nær overflata. Sterk lagdeling vil seie at vatnet i djupet er tyngre enn vatnet lenger oppe. Kor effektivt det lette vatnet vert blanda med det tyngre djupvatnet er unikt for kvar fjord og er blant anna påverka av utforminga til fjorden, tidevatn og vind. Tettheita til vatnet er avhengig av både saltinnhald og temperatur. Vatn med mykje salt er tyngre enn vatn med lite salt, likeeins er kaldt vatn tyngre enn varmare vatn.

Dei seinare 20-30 åra har vatnet langs kysten blitt både mindre salt og varmare enn det som tideligare observert. Lettare vatn langs med kysten gjev sjeldnare førehald der tungt vatn kan bli løfta over fjordterskelen og trenge inn i fjordbassenget. Det er sjølvsagt store variasjonar mellom dei ulike fjordane, men målingar frå fjordar på Vestlandet viser at det allereie er blitt dårligare oksygenforhold, grunna av sjeldnare utskiftingar.

Den aukande temperaturen vil ikkje berre påverke gjennom redusert tetthet på vatnet. Varmt vatn kan halda på mindre oksygen enn kaldare vatn. Mange organismar som lever i havet har same kroppstemperatur som vatnet rundt, derfor svinger forbrenninga deira med temperaturen på vatnet. Varmare vatn gjev auka forbrenning og auka oksygenforbruk. Det er difor grunn til å tru at dei aukande temperaturane fører til sjeldnare utskifting og lågare oksygennivå gjennom fleire mekanismar. Dei endra miljøforholda påverker det naturlege økosystemet, og kan også påverke kva område som er egna for havbruk og må tas omsyn til for å få bærekraftig akvakultur.

Forsker Mari Skuggedal Myksvoll i Havforskningsinstituttet Foto: Kjartan Mæstad