Gjestekommentar

Skrevet av styreleder i Salmar Aker Ocean,, Atle Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, oppdretter Sondre Eide, ulike bidragsytere fra Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgiver i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund og ulike bidragsytere fra Havforskningsinstituttet.

Den siste veka har me opplevd at Tysklands største dokumentarprogram har retta eit kritisk blikk på norsk oppdrettsnæring samstundes har eit nytt utbrot av Covid-19 i Beijing sat fokus på norsk laks.

Mykje av informasjonen som kjem fram er negativ og i beste fall veldig forvridd informasjon. Men det viser at næringa har søkelyset rett i ansiktet. Me kan føle at det er urettferdig, men me må forhalde oss til det og heller sjå det som ein nødvendig utfordring som kan stimulere til å gjere oss betre. Openheit og informasjon om næringa er nøkkelen til å bygge omdømme, auke kunnskap og skape løysingar som vil vidareføre og forme morgondagens oppdrettsnæring.

Skal fremma faktakunnskap

Eide Fjordbruk ynskjer å bidra. Derfor legg me mykje arbeid i vårt nye visingssenter Salmon Eye, som skal stå klart for opning sumaren neste år. Me har slått fast nokre grunnprinsipp som både vil utfordre oss sjølv og næringa.

Sondre Eide i Eide Fjordbruk Foto: Joar Grindheim

Salmon Eye skal bli eit senter som bygger på sjølvstende og kompetanse. Dette inneber blant anna at me skal sette ned eit bredt samansett advisory board, kor ekspertar frå ulike kompetansefelt skal komme med fagligevurderinger og innspel. Me tek gjerne i mot forslag til kompetansepersonar som ynskjer å bidra i et slekt arbeid. I tillegg går me nå ut for å finne ein til å drifte senteret.

Salmon Eye skal fremma faktakunnskap for nordmenn og internasjonale turistar, i alle aldrar. På ein pedagogisk tilrettelagt måte skal det visast fram korleis produksjonskjeda er, korleis næringa jobbar med FNs berekraftsmål, kva miljø- og klimautfordringar næringa står ovanfor, og kva me gjer for å løyse dei.

Framvising av matproduksjon i sjø gjennom teknologi, kunnskap og berekraft er gjennomgåande for alt senteret skal halde på med. Tilgjengelege merdkantar er avgjerande for næringa sitt omdømme. Dette vil styrke oss som leiande sjømatnasjon og våre konkurransefortrinn i åra som kjem.

Har mykje å vere stolte av

Ordninga med visingssenter er ei utruleg viktig ordning for norsk oppdrettsnæring. Eit tilbod for den som ynskjer å høyra, sjå og føla matproduksjon i sjø på nært hald er heilt avgjerande for å forstå næringa.

Det visningssentra lags vår langstrakte kyst gjer ved å løfte fram og dokumentere næringas aktivitet, innovasjonen og utviklinga skapar tillit og truverdigheit. Det er lett for oss som lever og ånder for sjømat og trur at dei fleste veit og skjønner kva det er me driv med, slik er det ikkje. Gjennom å tilgjenligjere kunnskap og kompetanse om alt frå fôr, fiskevelferd, logistikk og teknologi får næringa meir forståing og auka omdømme. Det er nettopp dette Salmon Eye skal bidra til saman med dei andre visingssentera i Noreg.

Norsk oppdrettsnæring har mykje å vere stolt av. Me produserer mat til verda, som kjem frå dei reinaste kyststraumane med den mest kontrollerte og sunnaste fisken. Samtidig har me utfordringar som me må løyse. Gjennom Salmon Eye ynskjer me å vise fram potensialet til næringa, utfordringane, og samfunnsbidraget me gjer i fellesskap både i Noreg og verda.

Les også:

Oppvokst på fjellgård – laksen var aldri langt unna

Eide Fjordbruk kan få utviklingstillatelse til Salmon Zero likevel

Me kan redusere krisa i næringslivet

Kommentar: Framtidas havbruk må skapast no