Gjestekommentar

Skrevet av Øyvind André Haram i Sjømat Norge. Organisasjonen er ein av Intrafish sine faste gjesteskribentar. De øvrige er: økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik - advokatfullmektig i Schjødt, Dag Sletmo – seniorrådgiver i DNB Seafood,oppdretter Sondre Eide, Nina Santi, seniorrådgiver i Inaq og Erlend Bullvåg, administrerende direktør i Kunnskapsparken Bodø.

Dei siste vekene har det i høgste grad storma rundt oppdrettslaks i media. Dagens Næringslivs sette fyrst agenda med sine saker om utslepp frå settefiskanlegg, så har NRK i saker på saker stilt ein del spørsmål rundt kvalitet og fiskehelse. Med snart 15 års erfaring frå media, veit eg at når ein fyrst byrjar å grave er det langt frå sikkert at stormen har stilna.

Øyvind André Haram Foto: Joar Offerdal Vatlestad

La det vere heilt tindrande klart. Slike bilete som NRK har vist i sine saker, spreier frykt og uro. Vi som bransjeorganisasjon får ikkje reint lite tilbakemeldingar. Eg kan love deg at det er ikkje særleg hyggeleg å opne ein del e-postar om dagen.

Kva er det viktigaste no? Be om orsaking.

Tryggleik fyrst

Ein kan vri og vende på det, forklare at biologien er utfordrande, men når alt kjem til alt: Slike bilete skal vi ikkje ha. Vi kan ikkje la våre forbrukarar vere i tvil. Fisken vi produserer skal ha det godt. Den skal vere trygg.

Så veit vi alle som står i det, at norsk havbruksnæring har både gode rutinar, system og ikkje minst ekstremt engasjerte fagfolk som gjer sitt beste for at laksen er trygg. Det hadde då aldri i verda vore mogeleg å nå ut til forbrukarar i over 100 land om ikkje.

Når bilete av sjølvdaud laks er på tv, eller bilete av fisk med store sårskadar florerer på nett og i sosiale medium er det og ein ting som bør vere tindrande klart. Sjølvdaud fisk brukast ikkje til menneskemat. Prodfisk er prodfisk, du øydelegg alt vi byggjer opp, om du tek shortcuts og klassifiserer dette som superior. Dersom det er aktørar i bransjen som gjer dette, er dette lovbrot. Sjømat Norge tek klart avstand frå slik aktivitet.

Som næring har vi og eit ansvar. Feit fisk, som laksen er, står anbefalt i kostholdsråda. Det er viktig at vi ikkje set på spel vårt renommé og omdøme.

Fiskehelse i høgsete

Havbruk er noko som stadig utviklast. Det gjer det og til tider krevjande. Vi må aldri skyve under ein stol når me har utfordringar. Vi kan ikkje vere redde å seie at vi har problem som er der. Ja, vi har fiskehelsemessige utfordringar. Vintersår, gjellelidingar, svekka fisk grunna avlusingstiltak med meir reduserer fiskevelferden.

Vi veit alle at mange arbeidar knallhardt for å bli betre. Nye merkeordningar, auka frekvens på tilsyn, betre sjølvrapportering og auka forsking på fiskehelse, er alle tiltak som vi både ønsker velkommen og kor vi ønskjer å bidra til reell og praktisk utforming.

Vi skal seie ja når styresmaktene ønskjer å kontrollere det vi gjer. Vi må vere opne om det vi gjer og vi må seie ja. Undersøkingar viser at vi har ein veg å gå når det gjeld å bli oppfatta som transparente. Dette er ein jobb alle og kvar av oss er nøydd å gjere. Ein kan ikkje bere overlate omdøme og synleggheit til vi i bransjeorganisasjonane. Vi må alle trå til.

Det er inga grunn til å grave seg ned. Hugs, vi har eit fabelaktig bra produkt, som har hatt ei eventyrleg reise gjennom over 50 år. Lat oss saman ta dette vidare. Og hugs: Viktigaste av alt. Fisken skal ha det bra. Det kjem alltid fyrst.