I haust har DN publisert fleire saker om forureining frå settefiskanlegg i norske fjordar, som Hardangerfjorden. Mellom anna er seniorrådgivar og biolog Tom N. Pedersen hos Statsforvaltaren i Vestland, bekymra over resultata frå overvakingsdata frå nettopp Vestlandet.

DN har også kartlagt miljømyndigheteines tilsyn av settefiskanlegg, og fann at mange anlegg ikkje er kontrollerte.

Samtidig slår bransjen sjølv tilbake, mellom anna Krister Hoaas i Sjømat Norge, som viser til fleire undersøkingar som derimot tilseier at tilstanden i fjordane er god. Noko også Havforskningsinstituttet har omtala i september.