– For å sikre veksten, må vi gjere ein del grep. Som at du går bort frå den tradisjonelle måten å drive på – med merd – over til ei rekke andre produksjonsformer. Både landbasert, lukka merdsystem og oceanfarming. Målet er jo då at vi både skal ha vekst samtidig som vi klarer å vareta nettopp meir fokus på både fiskevelferd og berekraft.

Samtidig spør Mordal seg korleis denne nye teknologien vil påverke Noregs fortrinn.

– Kva gjer den med konkurransekrafta i dei tradisjonelle lakseproduserande marknaden? No får vi jo store landbaserte anlegg i Kina, USA og Japan.