– Det har hagla inn med registreringar, seier havforskar Tone Falkenhaug, i ein artikkel hos Havforskingsinstituttet.

I løpet av ein veke nyleg, fekk Falkenhaug inn kring 250 observasjonar av maneta – gjennom Dugnad for havet, på e-post og via telefon.

Perlesnormaneten er ikkje farleg for menneske, endå han kan svi, men han kan vere skadeleg for fisk. Maneta er ein koloni sett saman av mange mindre individ. Nokre av desse individa har sterk neslegift for å beskytte kolonien og skaffe mat. Perlesnormaneten kan dele seg i små bitar og såleis trenge inn i merdar.

Kan drepe oppdrettsfisk

To gongar tidlegare har perlesnormaneten ført til auka dødelegheit i oppdrettsanlegg, opplyser Havforskingsinstituttet. I 1997 døydde i alt 10–12 tonn laks på to anlegg ytst i Øygarden og Fedje, medan eit ukjent tal tonn vart naudslakta. I 2001 var det 600 tonn fisk som døydde, derav 400 tonn i Trøndelag.

I 1997 dreiv store mengder perlesnormanet inn mot merdane ved eit anlegg i Fedje, og gjekk i oppløysing då dei trefte notveggen, slik at dei gjekk gjennom maskene, fortel instituttet i artikkelen.

– Det er fremst desse små bitane som kan verte problematiske. Om individ med nesleceller kjem inn i ein merd og treffer fisk, kan han få sår og skadar på gjellene, seier forskingsleiar Lars Helge Stien i artikkelen.

Manet i gjellene

Erfaringane frå 1997 synte at effektane på fisken varierte frå redusert appetitt og endra åtferd til død.

Fisken som kom i kontakt med manetene fekk brannskadar på skinnet med auka fare for infeksjonar. Det oppstod òg augeskadar hos fisken, noko som kan øydelegge synet.

Laksen som døydde hadde fått manetene i gjellene, skriv Havforskingsinstituttet.

Det er framleis kunnskapshol om perlesnormaneten og følgjene han kan ha i norske farvatn. Tiltak som luseskjørt eller boblegardiner kan potensielt stenge han ute, men om små manetindivid då er komne på innsida av merden, kan dette stenge maneta inne hos fisken, ifølge forskarane.

Erfaringane frå Øygarden tilsa at det var fisken som heldt seg i overflata som var mest utsett for å verte brent av manetene, skriv Havforskingsinstituttet.