Gjestekommentar

Skrevet av styreleder i Salmar Aker Ocean,, Atle Eide. Han er en av IntraFish sine faste gjesteskribenter. De øvrige er: Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Sands, oppdretter Sondre Eide, ulike bidragsytere fra Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgiver i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund og ulike bidragsytere fra Havforskningsinstituttet.

Besten min, Knut Johan Eide, vaks opp i Hålandsdalen, ei lita bygd inneklemt mellom Hardangerfjorden og Bjørnafjorden, med vinterstaden Kvamskogen i bakkant. Besten var ein talefør kar frå ung alder, seinare i livet brukte han dette i fleire verv og på ulike arenaer, men i ung alder blei militæret plassen han brukte eigenskapane sine. Der han på det meista hadde ansvaret for over 100 mann i teneste.

Etter krigen og tysklandsbrigaden enda besten opp som major med base i Bergen. Han likte godt militæret og var stolt av jobben sin og da å tena landet. Men reisevegen frå Hålandsdalen til Bergen, som på den tida var øve to timar kvar veg blei utfordrande i lengda. Og besten leita etter måtar å skapa seg eit næringsgrunnlag i heimbygda. I dag som då var dette vanskeleg.

På veg til Bergen og jobb, sat besten på ferja saman med mellom anna Per Tombre og Peter Haugarvoll. Dette skulle seinare verte ein link til oppstarten av både Lingalaks, Tombregruppen og Eide. Dei diskuterte korleis ein skulle kunna skapa næring i distrikta for å kunne bu i bygdene, men samstundes ha aktivitet og eit livsgrunnlag der.

Noko med fortrinn

For besten sin del, så byrja han med å prøva ut jordbruk. Han hadde tatt utdanning på gartnarskulen i Ulvik og gjekk laus på dette fyrst. Men jorda på garden til besten var for skrin og noko jordbruk i levedyktig skala var ikkje mogleg å skapa. Da nesta besten prøvde var hønseri, han bygde eit relativt stort hønsehus for den tida med 2500 høns. Dette vart også ei utfordrande næring å drive i Hålandsdalen. Verpefeber på hønsene heldt på å ta knekken på heile familieøkonomien. Men gode kontaktar i Hjelmeland-familien til kona Bjørg gjorde at han fekk ut fôr på kreditt frå fôrleverandør og redda produksjonen.

Etter dette såg ikkje besten seg tilbake, men prøvde på ny å sjå etter om da var næringsliv som hadde fortrinn å drive i vesle Hålandsdalen.

Nokre år tidlegare i 1966 hadde Magne Bolstad, naboen til besten prøvd seg på oppdrett av fisk. Om da var ein ting Hålandsdalen fløymde i so var da vatten. Mykje reint vatten.

Magne var ein av pionerane i norsk oppdrettsnæring. Besten hadde etter jordskifte på garden i forgje generasjon, tilgang til ein parsell ved Skogseidvattnet. Dette var berre ein tilfelle, då denne var satt til jordbruksverdi 0 under jordskiftet, så valte tippoldefaren min Johan Johansen Eide å behalde den.

Besten starta med oppbygginga av anlegg og produksjon tidleg på 1970 talet. Hausten 72 sette han ut 1-år gamal setjefisk i merdar skogseidvattnet. «20 september 1972, sett ut 950 smolt på 100 gram». Står da i almanakken hans frå den tida.

Globalt leiande i dag

Da tredje forsøket til besten på å skapa ein arbeidsplass lokalt i utkant Noreg viste seg å vere levedyktig. Da var mange utfordringar i næringa og ting har ikkje komme lett. Som eg har skrive før, tok pappen i 1985 øve drifta og dreiv 9 år utan overskot. Det var mange tunge år, men næringa hadde eit naturgitt fortrinn med reint vatten med rett temperatur i fjordane optimalt for laksen og matproduksjon.

I dag er da enorme verdiar som skapast i distrikta rundt i Noreg, me er som nasjon blitt globalt leiande på matproduksjon av laksefisk i våre distrikt. Mykje av dette er takka vera entreprenørar som Magne Bolstad, besten og alle dei som ikkje ville flytte sentralt men ønska å bu grisgrendt til på holmar, skjær og dessutan bergknausar og bygga verdiar i lokalsamfunna.

Verdiskaping i distrikta er på mange måtar ryggrada til Noreg langs kysten frå nord til sør. Utan næring i distrikta vil Noreg som land på mange måtar vere dødt og mista mykje av vår konkurransekraft. Dette er noko folk i byane bør ta inn øve seg når dei reiser frå byen til hytta for å puste ut etter arbeidsveka, for so å klage på støy og forureinande utsikt. Der ein meine at det berre er i byane ein skal drive næringsverksemd og verdiskaping. «På landet» skal alt vere stille, roleg og utan aktivitet i «mi» utsikt.

Da paradoksale er at da i dag er mange av dei som ikkje ynskjer denne aktiviteten som på mange måtar nettopp er avhengig av matproduksjon i sjø eller land, kraftproduksjon i sjø eller på land for å ha arbeidsplass i byane. Dette gjeld enten det er statlege arbeidsplassar, advokatar, konsulentar, leverandørtenester og mykje anna.

Noreg treng at me aktiverer heile landet, og nyttar oss av dei naturgitte fortrinna langs kysten til verdiskaping. Ein av våre aller største skattar er kompetente distrikt spreidd rundt heile landet med unik kompetanse til å bruka våre naturresursar. Besten og andre i hans generasjon viste veg, no må me saman sørgje for å ta nye skritt for å ta næringa og distrikta inn i framtida. Då lyt næringa, byråkratiet og politikarane spele på same lag, og skyta på da same målet, der land og by går hand i hand utan at da vert mann mot mann.