Tidlegare IntraFish-redaktør, Joar Grindheim, har fått seg ny jobb.

— Eg skal jobba som rådgjevar inn mot sjømat- og havbruksnæringa, seier Grindheim til IntraFish.

Selskapet Grindheim skal starta i er Even Søfteland sitt Capmare AS.

— Det blir veldig spennande. Då denne jobben dukka opp, var eg ikkje i tvil om at dette var noko eg hadde veldig lyst til. Den norske havbruksnæringa er ein av dei mest spennande næringane me har i Noreg, seier Grindheim.

— Siste eksamen denne veka

Grindheim jobba tolv år i IntraFish, dei siste åra som redaktør og ansvarleg redaktør, og gav seg i starten av 2020.