Pedro Courard tek over som dagleg leiar i Cermaq Chile, skriv selskapet i ei pressemelding. Courard har over tjue års erfaring og kjem frå stillinga som produksjonssjef i Cermaq Chile.

Courard tek over etter Steven Rafferty, som blir administrerande direktør i det oslobaserte Cermaq Group frå 1. mars.

Nytt nyhetsbrev!
Nå kan du abonnere på nyhetsbrevet vårt om Arbeidsliv, og få journalist Joar Vatlestad sine nyhetsbrev rett i innboksen annenhver uke.

– Definitivt rette personen

Courard er industriell sivilingeniør og utdanning innan økonomi og leiing. Han har tidlegare jobba innan behandling og oppdrett i selskap som Invertec, Scale Chile og Multi X før han tok til som produksjonssjef i Cermaq i 2019.

– Eg er veldig glad for å ta på meg denne utfordringa i eit selskap som Cermaq, ein leiar i industrien både nasjonalt og globalt. Intensjonen min er å halda fram arbeidet som er starta av Steven, som vil la oss forbetra resultata våre i alle aspekt, seier Courard i pressemeldinga.

Rafferty er glad for at Courard tek over sjefsrolla i mars.

– Pedro er definitivt den rette personen for denne utfordringa med sin store kunnskap om industrien. Han har gjeve eit stort bidrag til samarbeidet i både leiing og tilsette, og han har leia produksjonsområdet takka vere sine gode leiar- og planleggingsferdigheiter. Han vil ha min og Cermaq Group sin fulle støtte til å halda fram med å konsolidere og forbetre Cermaq Chile, seier Rafferty i pressemeldinga.