Onsdag for to veker sidan var Berit Seljestokken (42) nervøs på jobb. Bekymringa var ikkje knytt til jobben som produksjonssjef sjø i Grieg Seafood Finnmark. Torsdag skulle hundespannet hennar inn til veterinærsjekk, den siste kontrollen før årets Finnmarksløpet.

Fredagsintervjuet

Namn: Berit Seljestokken

Alder: 42 år

Bustad: Alta, men kjem frå Florø

Familie: Sambuar og to søner på 10 og 13 år

Stilling: Produksjonssjef sjø i Grieg Seafood Finnmark

Det er siste hinderet ein må gjennom, men det er også ein slags dom over hundehaldet, seier Seljestokken.