Lerøy Sjøtroll legg ned slakteri med 65 tilsette: – Er ikkje nok volum til å driva optimalt på to plassar
– Det var sjølvsagt ei tung avgjerd å ta og ein tung beskjed å gi dei tilsette, seier Nina Møgster.
Måndag gav Nina Møgster, dagleg leiar i Lerøy Sjøtroll, ein tung beskjed til dei tilsette på slakteriet ved Brandasund på eit allmøte. Slakteriet skal leggast ned.
– Det var sjølvsagt ei tung avgjerd å ta og ein tung beskjed å gi dei tilsette. Dette er jo noko som går utover folks arbeidskvardag, og som har negative ringverknadar lokalt, seier Møgster til Intrafish, og legg til:
– Men me ser på det som naudsynt for å sikra konkurransekraft i regionen vår, som er ein krevjande region. Blant anna har havbruksaktørane på Vestlandet no for andre gong fått redusert produksjonskapasiteten gjennom trafikklyssystemet.
– Ikkje nok volum
Slakteriet med 65 tilsette blir ikkje lagt ned med ei gong.
– Det blir drift i alle fall eitt år til, seier Møgster, som opplevde at dei tilsette tok imot beskjeden med fatning.
Den daglege leiaren forklarar bakgrunnen for nedlegginga slik:
– Lerøy Sjøtroll har dei siste ti åra hatt to slakteri å forholda seg til. Over tid har me sett at det ikkje er nok volum til å driva optimalt på to plassar med så kort geografisk avstand, seier Møgster.
– Ser på moglegheita for interne flyttingar
Fram til neste sommar skal det slaktast mykje fisk ved Brandasund, seier Møgster.
Me ynskjer å behalda så mange av dei tilsette som me kan fram til neste sommar. Me har også mange andre fabrikkar i konsernet, så me ser på moglegheita for interne flyttingar. Blant anna vil det vera behov for fleire folk på Austevoll Laksepakkeri, der me skal samla slakteritenesta, seier Møgster.
(Vilkår)