– Då eg fekk spørsmål hos frisøren som 12 åring om kva eg ville blir då eg vart stor, svarte eg at eg ville bli sjølvstendig og økonomisk uavhengig. Eg vaks opp på 70- og 80-talet kor dette med kvinner sine rettar slo inn. Uavhengig av kva du gjer, skal du ikkje vere avhengig av ein man som skal forsørgje deg. Eg har vore i mannsdominerte miljø sidan studia. Eg er opptatt av at det ikkje skal hindre meg, seier Hartmann.

I november i fjor blei det kjend at ho var tilsett som utviklingsdirektør i Røkke og Witzøe-samarbeidet Salmar Aker Ocean. Hartmann kom då frå stillinga som driftsdirektør i C4IR Ocean, ei stifting etablert av Aker og World Economic Forum (WEF). Før dette, i åra 2011-2020, var ho sentral i oppbygginga av bioteknologiselskapet Aker Biomarin.

Kristine Hartmann

Stilling: Utviklingsdirektør i salmar Aker Ocean

Alder: 47 år

Utdanning: Sivilingeniør i marin teknikk

Bustad: Høvik i Oslo

Familie: Gift, tre born

Var einaste kvinne

Ho seier ho har merka at ho er i undertal i næringa.

Eg er vand med å vere einaste kvinne i eit rom med 30 menn, men første gong eg verkeleg følte på å vere aleine som kvinne var i styregruppa til Aker Biomarine. Det var første gong kor eg som del av ei tydleg definert gruppe var einaste kvinne, seier Hartmann.

– Eg merka at dynamikken endra seg då me fekk inn ei kvinne til. Eg meiner at me tar betre avgjerder viss me får inn eit mangfald. Eg opplever det som viktig å løfte kvinner fram. Men når ein er komen oppover i systemet, må ein halde på eigenskapane sine som kvinne. Det er ingen vits i å bli som menn, då er poenget borte, held ho fram.

Ja til meir pappapermisjon

– Me har ei utfordring på alle nivå frå operatør til styrerommet, men det går oppover. Det er ei endring på gang i næringa, seier Hartmann, men ho trur nok dessverre det kan være ein faktor at ein del kan være redd for at det blir for hektisk å ta på seg leiarroller:

– Ein må finne ut kva som fungerer for seg. Eg har vert veldig opptatt av å få pappa inn på heimebane, klarer me ikkje å få til likestilling på heimebane, får me det ikkje til elles heller.

Mannen som då jobba i Ernst and Young tok fire månader pappaperm med eldste dottera, som no er 18 år.

Kristine Hartmann om bord på Ocean Farm 1. Foto: Privat

– Eg blei lei meg då dei trakk tilbake den utvida pappapermen. Viss me skal klare å få likestilling på heimebane, kor far er like bekymra for om barnet har nok byteklede i barnehagen, at han sit med hjartet i halsen når det nærmar seg hentetid i barnehagen, og for at gåver til barnebursdagen er handla inn, må det endring til. Mannen må kjenne like mykje på ansvaret på heimebane som kvinner gjer, seier ho.

– Kanskje me treng ei lovendring ein periode for å skape forandring. Eg er veldig for ein lang pappapermisjon og heildagsskule.

Alltid lika teknikk

Det som har prega Kristine Hartmann heile karrierevegen er eit digitalt løp.

– Men eg er veldig opptatt av at den digitale teknologien skal vere støtte til å få menneska til å fungere. Den har ikkje verdi i seg sjølv utan dei rette menneska som kan bruke den.

– Det er morosamt å finne ut korleis ting fungerer. Då eg var liten likte eg alt eg kunne skru på og frå kvarandre. Og då familien kjøpte bil, var det eg som engasjerte meg – det gjer eg framleis, seier Kristine Hartmann til Intrafish.

Det enda med sivilingeniørstudier i marin teknikk – men ho kunne like godt blitt jordmor.

På vidaregåande tok Hartmann både språk, samfunnsfag og naturfag.

– Det har prega karrieren min. Det er breidde i alt og eg synest så mykje er spennande. Eg er ei potet. Eg lurte på om eg skulle bli jordmor, ingeniør eller advokat. Eg er ekstremt sosial. Det er nok nesten litt overraskande, når eg er så interessert i teknikk og data, seier ho.

47-åringen studerte på det som i dag er NTNU.

– Eg vurderte å gå på data, men det var få jenter der. Eg valde å gå marinteknikk for det var ei meir sosial linje.

– Eg har for mykje energi

Heime på Høvik i Oslo har ho tre born på 8, 16, og 18 år og er glad det er ei stund til minstemann forlèt redet.

– Det blir slitsamt for min mann å bu saman med meg utan barn, eg har for mykje energi, seier ho med latter.

Då Hartmann starta i bioteknologiselskapet Aker BioMarine i 2011 hadde selskapet ein fiskebåt i Antarktis. Ho var med på heile utviklingsløpet, frå å få på plass rammevilkår, strategi og organisasjon, til å få produkta ut i marknaden.

Ho var sentral i oppbygginga av selskapet i ni år, før ho byrja som i driftsdirektør i C4IR Ocean, ei stifting etablert av Aker og World Economic Forum (WEF).

– Eg liker veldig godt oppskaleringsfasen i eit selskap kor det er litt kaotisk og uoversiktleg, med mykje nytt å lære og kor det er ingen som veit kva som er løysinga.

På båttur saman med familien. Tenåringane er gladeleg med, i motsetnad til på fjellet, ifølge Hartmann, Dottera Eline (t.v.), sønnen Ivar, mannen Christian og dottera Ane (t.h.) Foto: Privat

150.000 laks i året

Difor vart ho svært glad då moglegheita i Salmar Aker Ocean baud seg.

Det er mykje ein ikkje har svar på enda, men ifølge Hartmann er dei biologiske resultata frå dei første produksjonssyklusane lovande.

Målet til selskapet er at dei innan utgangen av 2030 skal produsere 150.000 tonn laks årleg.

Rolla som utviklingsdirektør har ho no hatt sidan januar. Ho pendlar til Trondheim to til tre dagar i veka, kor hovudkontoret til Salmar Aker Ocean er. Elles sit ho på kontor i Oslo eller reiser rundt i landet på møter og konferansar.

– Det har vore ekstremt intenst og lærerikt. Eg kom frå fiskeri, og det har vore mykje å sette seg inn i. Både på den reine havbrukssida og ikkje minst biologien. Og det å sette meg inn i alle reglane om løyver har tatt tid.

– Eg tenkte at det kan vel ikkje bli vanskelegare enn forvalting i Antarktisk kor det er 26 land som er med på å bestemme, med forskarar frå ulike nasjonar, og industriaktørar frå Kina, Chile, Korea og Ukraina. Då må eg vel klare å sette meg inn i dette langs norske kysten. Men eg synest me har klart å gjere det ganske komplisert, seier Hartmann og legg til:

– Det er viktig at me får på plass eit regime for oppdrettsløyver til havs. Me må ta med oss lærdom frå kysten på godt og vondt, no kan me starte med blanke ark

Prinsipp frå olje og gass

For utviklingsdirektøren er det viktig å halde oppe tidslinja for havbruk til havs som departementet har førespegla.

– Ministeren har sagt at det skal vere klart for tildeling i desember 2023. Det er viktig at me finn dei retta områda som er egna for laks. No ber det litt preg av at me vel dei områda som ikkje så mange andre vil ha. Det er viktig å finne det som er best for laksen med jamn temperatur og straum. Me ønsker å unngå høge hausttemperaturar og låge vintertemperaturar.

Hartmann seier dei kunne ønske at prinsipp frå olje og gass på areal også blei brukt for oppdrett til havs.

Kristine Hartmann får då ho jobba for Aker Biomarine. Foto: Aker Biomarine

– Der har ein aktør ansvar for å lage ein plan for å bygge ut og drifte eit område som myndigheitene godkjenner. I tillegg til ei god buffersone for å sikre at det ikkje blir smitte mellom oppdrett i hav og i kystnært oppdrett, kan ein då sikre god avstand mellom anlegga innanfor eit område. Då kan ein koordinerer godt om noko skulle skje og ivareta biosikkerheit frå dag ein. Forholda til havs krev noko heilt anna enn kystnært, og ein aktør kan gjerne vere eit konsortium av selskap med kompletterande kompetanse.

Norge kan få sterk posisjon

– Fryktar de konkurranse frå andre land?

– Eg trur Noreg kan klare å få ein sterk posisjon, men me kan ikkje bruke for lang tid. Når teknologiutviklinga skjer, ser me at andre land er interesserte og byrjar å teste ut. Me har gode føresetnader for å vere først og leiande, slik me har vist innanfor andre næringar. Andre land ser til oss på grunn av samarbeidet mellom aktørar og forvaltinga.

– Vil ein klare å finne dei rette områda utan å kome i konflikt med andre næringar som fiskeri og olje og gass?

Salmar Aker Ocean
  • Oppdrettsselskapet Salmar og industriselskapet Aker, har saman etablert Salmar Aker Ocean. Dette selskapet skal drive fiskeoppdrett i værharde eksponerte område og langt til havs.
  • Målet er at selskapet innan utgangen av 2030 skal produsere 150.000 tonn laks årleg. Selskapet vil med det vere ein av verdas største lakseprodusentar.
  • Storsatsinga er blant anna avhengig av at myndigheitene i Noreg legg til rette for det med eit regime for løyver.
  • Selskapet har allerede gjennomført to produksjonssyklusar med havmerden Ocean Farm 1 og har konkrete planar om å utvide verksemda med ytterlegare to anlegg.
  • Selskapet har ein søknad om lokalitet i Norskehavet for Smart Fish Farm inne til behandling hos Fiskeridirektoratet no.
Kilde: Salmar Aker Ocean

– Eg er opptatt av at me kan unngå ordet konflikt til me i alle fall har etablert oss – og at me heller snakkar om sameksistens. Eg har veldig tru på at me skal få det til, men me må ta omsyn til kvarandre. Når me identifiserte lokasjon for Smart Fish Farm, gjorde me eit lite prosjekt med Kongsberg, for å finne ut korleis laksen ville reagere på seismikkskyting. Ein trudde at det måtte vere mange mils avstand mellom fisken og skytinga, men ein ser at det går an å skyte seismikk nærare enn ein hadde trudd.

– Me er avhengig av eit godt forskingsgrunnlag og vere sikre på at me gjer dei rette vala, men det er ikkje alt me kan finne ut av med forsking. Me må kome i gang og gjere oss erfaringar. Så må me gjere tilpassingar undervegs, påpeikar Hartmann.

Intenst og mykje jobb

– Kor mykje jobbing blir det i ein slik fase kor vegen må byggast medan ein går?

– Det er ein veldig glidande overgang mellom jobb og fritid. Men eg trur at dei menneska som blir tiltrekt av å gå inn i noko slikt på dette tidspunktet, er så utruleg engasjerte i å få det til, at det er ikkje så viktig. Det er innmari gøy. Men det er intenst og det er mykje jobb. Det kan me slå fast.

Når den energiske 47-åringen har fri likar ho å vere ute og reise på hytta i Hallingdal, om borna vil.

– Tenåringsborna vil helst vere heime. I helga var eg på Liseberg i Göteborg med minstemann og ei venninne og borna hennar. Me køyrde Spinspider og har fått opp adrenalinet. Eg bruker tid på venner og familie, det er viktig for meg.

På Liseberg i Gøteborg saman med sonen Ivar. Foto: Privat