Forskarar ved Havforskingsinstituttet har tidlegare laga verdas fyrste laks utan kjønnsceller ved å slå av eit spesielt gen med CRISPR-metoden. No har forskarane følgt slike laksar gjennom heile livet, ein såkalla produksjonssyklus, for å samanlikna vekst, teikn på velferd og omega-3-innhald med vanleg oppdrettslaks.

Resultatet? Dei fann ingen skilnadar i kroppsstorleik, smoltifisering, stressmarkørar, hjartestorleik eller førekomsten av skjelettmisdanningar. Den sterile laksen hadde også lik mengd sunne omega-3-feittsyrer som den vanlege oppdrettslaksen.

– Vi ville blant anna dokumentere kva som skjer når laksen blir vaksen, og sjå om den blir kjønnsmoden seinare. Det blei den ikkje, seier HI-forskar Lene Kleppe til Intrafish.

Ved hjelp av CRISPR-metoden har HI-forskarar laga ein genredigerte, steril laks. For å lett kunna skilja den frå annan laks i forsøket, slo forskarane av genet som gir fargepigment. Difor er laksen gul. Foto: Erlend Astad Lorentzen

Ikkje heilt likt vanleg lakseoppdrett

Den einaste skilnaden forskarane såg på den genredigerte laksen og vanleg oppdrettslaks, var at sistnemnde hadde ein vekstspurt heilt i starten av puberteten, og at den laksen fekk større lever.

– Det er ikkje snakk om noko som varar over tid eller enorme skilnadar. Vi veit at laksen veks dårlegare når den er kjønnsmoden, seier Kleppe.

Dette er generelt ikkje ynskjeleg i lakseoppdrett, i tillegg til at kjønnsmoden laks som rømmer kan para seg med villaks.

CRISPR
  • I 2012 utvikla forskarar ein ny metode, kalla CRISPR (Clusterede Regularly Interspaced Short Palendromic Repeats), som er enklare og billegare enn andre metodar for genmodifisering
  • CRISPR verkar i alle typar celler og organismar, og ein kan i prinsippet endra de genane ein måtte ynskje ved å fjerne, bytte ut eller legge til DNA
  • Det finst også måtar å bruka CRISPR til å slå av og på genar utan å kutte i arvestoffet
  • CRISPR kallast på norsk ofte for genredigering

Kilde: Bioteknologirådet

Fisk som blir kjønnsmoden, blir meir mottakeleg for sjukdom og kan dermed få dårlegare velferd, skriv HI på sine nettsider. Særleg i lukka oppdrettsanlegg på land er tidleg kjønnsmodning eit problem, men der kan oppdrettarane til ein viss grad bruke lys og temperatur for å forhindre det.

Den genredigerte laksen som Kleppe har forska på er ikkje manipulert med lys eller temperatur.

– Dermed er ikkje forsøket heilt likt regime i lakseoppdrett, så det har vi ikkje fått testa enno. Forsøket er gjort på land innandørs, og er gjort i mindre skala enn det som blir brukt i oppdrett, seier Kleppe.

Den genredigerte laksen blei laga i 2016, og forsøket blei avslutta tidleg i februar 2020.

– Fisken har gått og utvikla seg i sitt eige tempo. Det er framleis ting som ikkje er heilt likt som ved vanleg lakseoppdrett, seier Kleppe.

– Viktig å sjå på velferd

HI-forskaren seier at det er lite litteratur på feltet som ser på kva som skjer om ein slår ut eit gen og i tillegg ser på velferda til dyret.

– Det er veldig viktig å dokumentera at velferda er grei, sjølv om eit gen er redigert, for dette er noko vi veit veldig lite om. Det er viktig å sjå på velferd og vekst med tanke på industrien, for det er nok liten interesse for steril laks som veks dårleg, seier Kleppe.

Det finst fleire måtar å laga steril laks på, blant anna triploidisering.

– Når ein testar ein ny metode, må ein undersøka alle moglege negative effektar, om dei finst. I tillegg til at vi samtidig jobbar med sjølve metoden. Om dette ei gong i framtida skal brukast i matproduksjon, så er det kjempeviktig å dokumentera alt ein kan, seier Kleppe.

Genmodifisering og bruk av CRISPR-teknologien er gjenstand for debatt i fleire land. I Noreg er CRISPR berre brukt i forsking til no, og genmodifisering er strengt regulert av genteknologilova.

– Ein kan søka om å få lov til å bruka teknologien, men regelverket er veldig strengt og prosessen omfattande. CRISPR er ikkje i bruk, utanom forsking, i Noreg i dag, seier Kleppe.

For å laga den genredigerte, sterile laksen, må kvart rogn injiserast med ein genredigerande komponent. Foto: Erlend Astad Lorentzen

Nytt prosjekt neste år

Bioteknologirådet meiner norske myndigheiter bør mjuka opp regelverket som regulerer genmodifiserte organismar, blant anna grunna nye metodar som CRISPR.

– Det blir spennande å sjå om dette er noko som vil endra seg eller ikkje. Vi ser at det skjer i andre land, blant anna ved at genredigerte fiskeartar, der CRISPR er nytta, blir selt til menneskeleg konsum. Om metoden løyser eit viktig problem, og ein får selja det i nokre land, vil det bli store skilnadar etter kvart. Kanskje vil det legga press på andre land, men det er vanskeleg å vita kva som vil skje, seier Kleppe.

Sjølv om genredigert laks ikkje kan brukast til konsum, har ikkje Kleppe og kollegaene tenkt å legga bort forskinga.

– Vi har fått pengar til eit nytt prosjekt som skal starta neste år. Vi har jobba med masseproduksjon av genetisk steril laks ei stund, og det vil vi halda fram med i det nye prosjektet neste år. Det blir veldig spennande, seier Kleppe.

Per no må kvart lakserogn injiserast med ein genredigerande komponent, som er veldig tid- og arbeidskrevjande.

– Til forsking er det heilt ok, men om ein skal tenka seg å bruka det i industrien, så må ein ha ein annan metode.