Bolaks har meldt om rømming ved eit av sine anlegg i Fusafjorden i Vestland.

Det skriv Fiskeridirektoratet i ei melding onsdag.

Selskapet rapporterte mandag om skade i ei not på lokaliteten Skavhella i Fusafjorden utanfor Os. Notskaden vart oppdaga i samband med at ei makrellstørje hadde kome inn i ei av nøtene.

Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Den aktuelle nota har oppdrettslaks med storleik på cirka fire kilo. Det er meldt inn gjenfangst på 35 fisk i området.

Fiskeridirektoratet følger opp saka, skriv dei i meldinga.

Personar som ønskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettslaks i området, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet.