Alsaker Fjordbruk føyer seg dermed inn i rekka av oppdrettsselskap som trekk kjøpet av laksevekst dei gjorde tidlegare i år.

– Me vel også å avstå frå opsjonen til å gjera om hevinga og få høve til å kjøpe MTB for ein pris ned til 100.000 kroner per tonn, skriv de i ei pressemelding.

Selskapet viser til meldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet om at aktørar som har kjøpt unntaksvekst vert gjeve ein opsjon på å behalde veksten. Dei kan då få kjøpe veksten til prisen i auksjonen, minimum 100.000 kroner per tonn.

– Usikre rammevilkår

Selskapet skriv at grunnrenteskatten inneber ei rasering av verdiar, prosjekt og arbeidsplassar langs kysten, og at dei ikkje vil vurdere kjøp av MTB sjølv om prisen går ned til kr 100.000 per tonn.

– Me kan ikkje sjå at denne prisen er forsvarleg ut ifrå dei rammevilkåra som no vert gjevne. Til det er framtidig forvaltning av næringa og fargelegging av produksjonsområda for uviss. Skatteforslaget og gårsdagens statsbudsjett viser med all tydelegheit kor næringsfiendtleg landet vert drive, og kor usikre rammevilkåra er for all type næring i Noreg.