Youngfish Vest har gjort fleire endringar i lokallagsleiinga i haust.

– Etter ein solid innsats har Anne Marte Tombre, Jostein Iversen og Alex Myklebust gått ut av lokallagsleiinga. Vi takkar Anne Marte, Jostein og Alex så mykje for innsatsen og ønsker dei god fiskelykke vidare, skriv Youngfish på Linkedin.

Benedicte Been Simensen (Mowi) og Maria Cristina Danielsen (Akva group) er også ein del av lokallagsleiinga i Youngfish Vest. Foto: Privat

Lokallaget i Vest har fått inn fire nye medlemmar:

  • Kjetil Kvalsvik (Seaborn)
  • Mads Aarvik (PwC)
  • Daniel-André Hansen (Thommessen)
  • Maria Cristina Danielsen (Akva group)

I tillegg består lokallagsleiinga av Benedicte Been Simensen frå Mowi, Iselin Solberg frå DNB og Andreas Solibakke frå Seafood People.

Youngfish er ein uavhengig nettverksorganisasjon for unge under 40 år som jobbar i, eller har tilknytning til, sjømatnæringa.