Og let seg lura av desse kapitalistane som utnyttar våre felles område for å tena seg søkkrike.

Rolv Wesenlund hadde ein gong eit forslag til ei ny sjølvmelding. Den skulle berre ha to spørsmål. Kor mange pengar ha du? Og når kan me koma og henta dei?

God økonomi

Dei siste 25 åra har det vore god økonomi i havbruk. Det har tent kysten godt. Stor verdiskaping og store ringverknader.

Det er sjølvsagt ei ulempe at noko som har tent pengar på dette. Dei fleste av dei starta den gong det ikkje var pengar å tena på havbruk. Satsa på lokal verdiskaping. At det gjekk bra er naturlegvis irriterande.

Nokre fekk konsesjonar den gong få ville ha dei og få trudde dette skulle verta noko særleg verdi av slikt. Det beste hadde vel vore å la vera.

I mellomtida har det vorte skapt store verdiar ikkje berre i havbruksselskapa, men i mange samfunn som elles ville ha vore utsett for fråflytting og nedlegging.

I mellomtida har dei betalt for fleire konsesjonar, inntektsskatt, utbyteskatt, formueskatt, arbeidsgjevaravgift og produksjonsavgift. Det er sjølvsagt irriterande at dei fekk rett i satsinga si. At dei overlevde FOS-konkursen.

Heile kysten som i Finnmark?

For ikkje mange år sidan betalte Jacob Mæland i Lovundlaks 466 millionar til staten for auka produksjon. Kva anna næring betalar så mykje for å få lov til å drive verksemd?

Kjersti Sandvik meiner at dei som er med på dette laget, som har arbeid fordi nokon satsar meir enn dei som sit på eit varmt kontor i Bergen, protester mot at ein skal skattelegga verdiskaping endå meir, er naive.

Pengane i desse selskapa, Linga, Tombre, Eide, Lovundlaks, Kleiva, Gratanglaks eller Salten, står ikkje på ein konto hjå ein skatteadvokat i Oslo, dei er allereie plassert i merder, smoltanlegg eller foredling.

Det finns pengar, la oss samla dei inn. Kanskje kan me få til at heile kysten vert som i Finnmark, der det knapt finns privat kapital.

Staten kan ta vare på oss. Slit me får me straumstøtte, kanskje snart rentestøtte, koronoastøtte og kanskje til og med den gode gamle distriktsstøtta. Då kan me alle saman sova trygt, fordi staten samlar inn alle pengane og deler dei rettferdig ut att.

Og så får me alle saman håpa at staten er like glad i den plassen me bur på, som desse bortskjemde kapitalistane som Inge Berg, Gustav Witzøe, Line Ellingsen og Aino Olaisen.

Det er von hangande snøre.