Jørgen (22) har flytta til Lovund for å jobbe i havbruksnæringa: – Det einaste som manglar er ein bowlinghall
– Då eg kom til Lovund, var det som å komme til eit anna land, seier Jørgen Hopaneng som er trainee for Kystinkubatoren på Lovund.
Ute i havgapet på Helgelandskysten ligg det vesle øysamfunnet Lovund. Også kjent som «Lakseøya». Her har 22 år gamle Jørgen Hopaneng funne seg godt til rette i rolla som trainee for Kystinkubatoren.
– Lovund er ein fantastisk plass. Eg trur dei fleste som kjem her blir overraska over kor mykje som skjer her. Snittalderen er rett i overkant av 30 år, og det er mykje å ta seg til på fritida, seier Hopaneng til IntraFish.