I oktober tok Trond Håkon Schaug-Pettersen over som interim administrerande direktør i landbasertselskapet Salmon Evolution, der han allereie var finansdirektør.

Sidan har han kombinert dei to jobbane, og det må han fram til namnebror Trond Vadset Veibust tek over som finansdirektør i andre kvartal.

– Det var ikkje slik at eg hadde alt for lite å gjera frå før heller, så eg har nok å fylla dagane med no, men det går eigentleg heilt fint. Vi har heldigvis ein bra organisasjon på plass, seier Schaug-Pettersen til Intrafish.